Norsk medisinstudentforening

Fagforening og interesseorganisasjon for studenter

Polen

Lublin

Lublin er ein skikkelig studentby 170 km søraust frå Warsawa med ca 350 000 innbyggarar. Noko av det finaste å trekke fram til turistar er gamlebyen som ver kalla «lille Krakow».
Lublin sentrum

Nærmast ein tredjedel av alle som bur i byen er studentar, og ein skal ikkje gå langt før ein finn ein koseleg cafe eller ein pub. Medisinstudentane i Lublin samlar seg svært ofte på «skomakeren» (u szewcza) for ein øl eller ein god prat etter ei lang veke. Byen var kanditat for «2016 European Capital of Culture», og det er stadig flotte arrangement og liv i byen, sjølv om vi norske ikkje alltid er like flinke til å delta.

Universitetet, kalla Medical University of Lublin, vart grunnlagt i 1950 og rommar 6 500 studentar. Veldig mange av dei som studerer i byen er studentar frå andre land frå heile Europa og ein del frå Amerika og Canada. I 2001 åpna dei ei eiga avdeling for engelsktalande studentar, og har fleire program, både fire- og seksårig.

Det er ganske annleis å studere i Polen enn i Noreg, og det er alltid viktig å få fram. Her nede kan professorane vere meir strenge, og kreve mykje meir disiplin og respekt enn kva ein forventar i Noreg. Vi har ofte mindre prøver og deleksamenar som vi må bestå eller samle poeng på for å få ta eksamen – så det blir lite skippertak, og heller jamn jobbing heile året. Det er dessverre slik at ikkje alle professorar eller lærerar snakkar like godt engelsk, men alle gjer seg forståeleg .

I dei tre første åra har ein gjerne basalfag som kjemi, mikrobiologi, fysiologi, biokjemi osb for å lære seg korleis kroppen fungerar når den er frisk, slik at vi betre kan forstå kva som har gått gale, og kvifor pasienten har utvikla sjukdommen. Det er utruleg kjekt når ein begynner å lære meir praktisk på sjukehuset, og det kan verke som ei evigheit når ein går i førsteklasse, og vips så står ein der på sjukehuset og lurer på kva som skjedde. Vi har korte og intensive semester, og tida går fort!

Ellers rekk studielånet langt i Polen i forhald til i Noreg, og dei fleste av oss leiger leiligheiter av privatpersonar. Vi kan gå ut på restaurant og ete ein god middag med drikke til utan at det kostar skjorta – med andre ord skikkelig luksus.

Ein annan ting ein må trekke fram om Lublin er det gode samhaldet. Då ein begynte i førsteklasse var alt nytt og kanskje litt skummelt – men dei eldre studentane var utruleg kjekke og tok oss godt imot – anten dette var på tillaga arrangement, eller om dei hørte at du snakka norsk og kom bort for å helse. Det tok altså ikkje lang tid å finne seg til rette i byen. Vi har vore heldige og hatt mange ildsjeler som har laga gode arrangement i byen vår, og det er viktig å huske på å ha det kjekt og ikkje berre sitte inne sjølv om ein «alltid har mykje å lese».

Det er veldig mange av studentane her nede som er aktive. Vi har fleire moderne treningssenter, og squash har blitt ein populær aktivitet. Ellers driver folk med fotball, handball, gocart, paintball og mykje anna. For dei som er glade i shopping har vi eit flott kjøpesenter med trendy butikkar, god kaffi, og på toppen av senteret har vi ein stor kino og diskotek med bowling, ein 4D(!) kinosal og arkadespel. Det er heller ikkje uvanleg å reise på skiferie til Zakopane ei helg for å stå på snowboard eller ski, då gjerne med studentar frå andre byar. Kjempekjekt anten du er glad i å stå på ski, eller om du er mest glad i afterski.

Sjølv om Lublin ligger litt «avsides» er det veldig lett å komme seg hit. Vi har nemlig fått ein flyplass til stor glede for alle som studerar her. Vi kan sette oss på eit fly klokka fire og vere heilt framme i leiligheita rundt seks, halv sju. Wizzair flyg hit to gongar i veka frå Torp , og det er svært billig. Ellers går det fint å flyge Norwegian frå Gardermoen til Warsawa og ta anten tog eller buss til Lublin. Det går og an å ta fly frå Rygge eller Polskibus er eit selskap med supermoderne bussar med internett og god komfort, og ofte må ein ikkje ut med meir enn 20-50 kr per vei.

Vi i Lublin ønskjer deg velkomen som student her, og vi lover å ta godt imot deg!

Hilsen Nmf Lublin

Kontaktpersoner:

profilbilde
Anne Lisa Risanger
profilbilde
Tural Aramdari