Norsk forening for intervensjonsradiologi

Om intervensjonsradiologi

Lever-galleintervensjon

Ved sjukdomar som kreft i bukspyttkjertel eller i gallevegar er pasienten ofte i dårleg almentilstand og tåler ikkje ein operasjon.
Ved Overlege Jon Egge, Haugesund Sjukehus.

Det kan vera snakk om langt komen kreft der det er om å gjera å lindra symptoma for pasienten.
 
Kreft i gallevegar eller i bukspyttkjertel kan gi gulsot, (icterus). Gallen får ikkje passera over til tynntarmen fordi kreften stenger utførselsgangen (ductus choledochus).
 
Ved slike prosedyrar får pasienten smertebehandling av lege eller narkosesjukepleiar og pasienten er ofte i narkose.  Etter steril vask og oppdekning blir det gitt lokalbedøvning i huda. Ved hjelp av ultralyd og røntgengjennomlysning kan intervensjonsradiologen stikka med tynne nåler inn i leveren og treffa ein utvida gallegang. Dette er det same som PTC, Percutan Transhepatisk Cholangiografi. Intervensjonsradiologen legg så inn ein tynn wire og legg inn eit plastrøyr i gallevegen. Det blir så lagt inn ei større hylse. Ved hjelp av glatte wire og katetre kan ein så koma i gjennom svulstvevet og ned i tynntarmen. Det kan så leggast ein stent (metallhylse) i gjennom svulsten slik at ein gjenoppbygge utførselsgangen for gallen i frå leveren og til tynntarmen. 

Slike inngrep tar i frå 1-3 timar og blir gjort på alle sjukehus der det er intervensjonsradiolog.
 
På denne måten forsvinn gulsotta frå pasienten, kløen forsvinn og pasienten slepp å ha pose på magen. Pasienten kan leva eit vanleg liv, eta og drikka som før.
 
Ved ein del kreftsjukdomar i lever og gallevegar kan ein få cellegift som kan forlenga livet. For å kunna gi cellegift er det viktig at gallen fungerer og ikkje hopar seg opp i leveren.
 
Etter ein  slik vellukka stentinnsetting i utførselsgangen frå leveren til tynntarmen kan pasienten få cellegiftbehandling og kreften kan gå tilbake og pasienten vinn tid.

Her er ein billedserie som viser intervesjonsradiologisk behandling av kreft i gallevegane. PTC.