Bedre og sikrere innlogging på nettsidene til Legeforeningen!

Innlogging på Legeforeningens nettsider vil erstattes med en sikrere og bedre løsning, mer informasjon kommer snart!

Den private innboksen i portalen forsvinner i løpet av kort tid. Varsel om dette ble lagt ut på meldingssiden 11. juni 2019.

Norsk forening for alders- og sykehjemsmedisin

Fag

Arbeidsforhold

Legeforeninga har bygd opp sin organisasjon etter 3 hovedsøyler der dei fleste medlemmene er medlem i ei foreining i kvar søyle.

Yrkesforeningar

AF – allmennlegeforeningen
LSA – leger i samfunnsmedisinsk arbeid
OF – Overlegeforeningen
YLF – Yngre legers foreining
PSL – praktiserende spesialisters foreining
NAMF – Norsk arbeidsmedisinsk foreining
LVS – Leger i vitenskapelige stillinger

Geografiske foreninger

Ei foreining for kvar fylkte

Fagmedisinske foreninger

Ei foreining for kvar spesialitet. I tillegg kjem spesialforeningar som t.d. Nfas, som skal ivareta spesielle interesseområder.

Hovedprinsippet er at yrkesforeningane skal ivareta fagforeningsbiten, tariffavtalar og liknande. Geografiske foreningar skal ivareta høyringsfunksjonar, lokal helsepolitikk og hjelpe til ved lokale forhandlingar ved behov. Fagmedisinske foreningar skal ta seg av fagutvikling innafor sitt område.

AF er organisasjonen for dei fleste kommunale legar, fastlegar og legar som har stillingar som til dømes sjukeheimslegar, helsestasjonslegar, fengselslegar eller liknande i heil- eller deltid. LSA er organisasjonen for samfunnsmedisinarar både i kommuner (kommuneoverlegar og liknande) og stat (fylkeslegekontor, folkehelsa, helsedirektoratet mm)

Tariffavtalar for kommunene

Legeforeninga har sentrale tariffavtalar for kommunal sektor med Kommunenes Sentralforbund. I det sentrale forhandlingsutvalet sit det representantar for både AF og LSA . Dei viktigste avtalane finn du på nettsida http://legeforeningen.no/Emner/Andre-emner/Avtaler/. Merk at legeforeninga ikkje har sentrale lønnsavtalar for kommunal sektor. All lønnsdanning skjer gjennom lokale forhandlingar.

Lokale forhandlingar i kommunene

Mangelen på sentrale tariffar, gjer det ekstra viktig med lokale forhandlingar. Først og fremst er det viktig å sikre seg lønnsnivået når ein skal ta imot ei stilling. Seinare er det nødvendig med aktiv deltaking i lokale årlege forhandlingar. Elles kan ein risikere å ikkje få ta del i den vanlege lønnsutviklinga i samfunnet.

Legeforeninga skal ha ein hovedtillitsvalgt i kvar kommune. Denne har ansvar for forhandlingane for alle kommunalt tilsette legar. Det er ofte frå fastlegane denne hovedtillitsvalgte kjem, og vi har reine sjukeheimslegar som har opplevd at dei ikkje er rekna med i denne samanhengen. Vi har fått stadfesta frå AF sin leiar at hovedtillitsvalgt for legeforeninga i kommunen også skal forhandle for sjukeheimslegane. 

Ein rår til at tillitsvalgt i kommunen samrår seg med tillitsvalgt i nabokommuner og også med fylkesavdelinga omkring lønnskrav.

Private sjukeheimar    

Legeforeninga har ikkje tariffavtalar med private sjukeheimar. Det er derfor opp til den einskilde lege å bli samd med sin arbeidsgivar om lønnsforholda. Det er mogleg å rådføre seg med, og be om hjelp frå fylkesavdelinga