Referat fra møte i Regionsutvalg Midt-Norge, 24. september 2010

Tilstade: Helge Bjørnstad Pettersen, Eli Øvstedal, Bjørn Hilt, Nils Håvard Dahl, Jon Helle, Ottar Grimstad (leia møtet)

Forfall: Harald Skogholt, Randulf Søberg, Marit Halonen Christiansen, Kjell Herman Midelfart

1. Rapport frå Møre og Romsdal v/Ottar
I samband med årsmøtet 31. august vert det arrangert helsepolitisk seminar om temaet Hvor mange sykehus trenger vi I Norge og Møre og Romsdal. Seminaret var godkjent som teljande timar av legeforeninga. Det var over 60 medlemmer til stade og fleire representantar frå helseforetak og styrer.

Det er fortsatt problem mellom overlegane I Kristiansund og foretakstillitsvalgt for OF. Leiar av MRLF er bedt om å delta på eit møte ved sjukehuset i Kristiansund. Denne saka har tidlegare vore handtert av OF sentralt, og dei er på nytt kontakta

2. Nord-Trøndelag v/Nils
Leiar har hatt mykje arbeid med å hjelpe YLF og OF i å få valt tillitsvalte. For LSA har det ikkje lukkast.

I ei konkret klagesak har fylkeslegen dreve saksbehandling og konkludert i avisa på ein lite tilfredsstillande måte. Ein har no fått til faste møter med fylkeslegen.

Leiinga ved helseforetaket har blitt blitt byråkrater utan klinisk kontakt. Ein prøver nå å få overlegane meir på banen.

I Steinkjer er det oppretta eit DMS med sengeplassar men utan poliklinikktilbod (som hadde vore meir fornuftig) Ein peiker på det uheldige ved å legge ned medisinske senger i sjukehusavdelingar som er svært pressa på plass og kapasitet for å finansiere nye senger i DMS med ny vaktberedskap.

3. Sør-Trøndelag v/Helge
Styret har drøfta sekretariatsaka og ønskjer ikkje arbeide for sekretariat i Midt-Norge no.

Sør Trøndelag legeforening vil sjølv arrangere det tradisjonelle hurtigrutekurset 19. september 2011 på sørgåande hurtigrute Trondheim-Bergen, litt kortare kurs enn tidlegare. Styret har satt ned ein eigen komité for arbeidet. Nordland legeforening er orientert. Ein kjem seinare tilbake til om andre organisasjonsledd skal inviterast som medarrangørar og deltakarar.

4. Rapport frå HMN RHF v/ Jon
2020 strategien vedtatt i juni. Hovudtendens i styrevedtaket: meir strategiretta og ikkje så handlingsretta som forslaget, meir makt til lokale HF i avgjerdsprosessen, meir konsekvensutgreiing, meir kvalitetsindikatorar på medisinsk kvalitet. I ei samling mellom direktørar, styreleiarar og RHF-tillitsvalgte 3. september, diskuterte ein gjennomføring. Der var frå leiinga i RHF ei viss frykt for kaos, utakt, omkampskulturer og foretak spilt ut mot kvarandre. Det vart oppretta ei koordineringsgruppe leia av Gunnar Bovim med representasjon frå HF-direktørar og tillitsvalte. Etter første møte arbeider ein med ei liste over kva som skal handterast lokalt og sentralt. Ein ønskjer at lokale HF fattar avgjerder ut frå eit felles sette med premiss. Det er ein tatt dialog mellom RHF og departement.

Helse Nordmøre og Romsdal: departementet har bestilt utgreiing av 3 alternativ. Det kan kome avgjerd før jul.

5. Arbeidskomité for å greie ut eit eventuelt regionalt sekretariat?
Det vart orientert om at regionsutvalget får føre over ubrukte middel frå 2010 til 2011. Utvalet tar til etterretning at STLF ikkje ønskjer å gå vidare med saka nå og finn det ikkje mogleg å arbeide for oppretting av eit slikt sekretariat utan positivt engasjement frå STLF

6. Helsepolitisk seminar i samarbeid med HMN RHF
Fagdirektør Eriksson møtte ikkje slik han hadde lova. Vi fann ut at han var på eit møte på Hysnes fort, men han hadde ikkje gitt beskjed. Vi vart samde om å planlegge eit seminar på eiga hand, men sende mail direkte til direktør Gunnar Bovim med invitasjon til samarbeid.

Arbeidskomité: Nils, Marit, Ottar i samarbeid med Randulf

Aktuelle tema: Stillingsstruktur inklusive faste stillingar. Vidareutvikling av samhandlingreformen med 2 lover og en plan. Intensivbehandling ved livets slutt – når la være å sette i gang eller avslutte unødig behandling.

Møtet bør vere på Værnes slik at deltakarar frå Møre og Romsdal kan kome fram og tilbake på dagen. Slutten av november eller starten på desember, må avvente svar frå Gunnar Bovim om aktuelle dagar.

Mail til Gunnar Bovim var sendt ved slutten av møtet

7. Diskusjon rundt budsjett 2011
Styret oppmoder leiar til å sende eit framlegg til medlemmene på e-post.

8. Varamedlemmer til utvalet?
Leiarane i lokalavdelingane bør stille med nestleiar eller anna styremedlem dersom dei sjølve ikkje kan møte. Yrkesforeningane bør ha vararepresentantar. Bjørn Hilt har vararepresentant, Eli Øvstedal er vararepresentant for AF.

9. Aktivitet vår 2011
Spørsmålet om eit fellesmøte for regionsutvalget vart drøfta. Om dette bør gjennomførast, er avhengig av agenda for møtet. Ein bør ikkje arrangere møte for møtets eiga skuld. Den kan også vere aktuelt å redusere utgifter ved å ha med eit avgrensa tal på utvalsmedlemmer frå kvart utval. Spørsmålet skal drøftast mellom regionsutvalsleiarane på leiarmøtet i november. Utvalet kan ta ei epostrunde på dette spørsmålet i etterkan av dette møtet.

10. Honorar til leiar
Ein vedtek at det skal bli utbetalt 30000 kroner i honorar til leiar

11. Styrevalget i Helse Midt-Norge RHF
Jon orienterte.

Det skal velgast 4 representantar for tilsette. Ein reknar med at alle partar ønskjer å oppretthalde gjeldande avtale: 2 frå sjukepleieforbundet, 1 lege, 1 frå fellesforbundet. Det blir ein kabal også med omsyn til kjønn og geografi. Jon Helle koordinerer kontakten med dei andre forbunda.

Det skal velgast eit valstyre som har formelle oppgåver med gjennomføring av valet. Ketil Espenes var med i forrige periode. Vi spør Ketil om han vil igjen.

12. Eventuelt
Nils tok opp brev lokalavdelingane hadde fått om klimaspørsmålet. Når økonomi og ressursar er avgrensa, ga han uttrykk for at legeforeninga burde konsentrere seg om kjerneoppgåvene og ikkje generelt politiske spørsmål som hadde andre arenaer.

Referat ved Ottar Grimstad