Høyringsuttale frå regionutvalget om valordning for regiontillitsvalgte

Regionutvalget for Midt-Norge har drøfta saka på møte 1. Juni 2012 og i seinare epostkorrespondanse, og vil uttale:
Det er positivt at styret i Akademikerne Helse ønskjer å betre samarbeide mellom konserntillitsvalgte og akademikerne helse sentralt. Vi ser det også som ei naturleg oppgåve for Akademikerne helse sentralt å lage til valgreglar for korleis valg av tillitsvalgte skal skje.

Alle tillitsvalgte må ha si tillit og forankring hos dei som dei skal representere. Det kan ikkje vere ei oppgåve for Akademikerne Helse å peike ut lokale tillitsvalgte. Vi meiner konserntillitsvalgt bør velgast av alle foretakstillitsvalgte for Akademikarforeningane i helseforetaka i regionen. Dersom det er fleire kandidatar på valg, er vi svært tvilande til om legeforeninga skal nytte si talmessige overmakt ved å krevje at organisasjonane skal ha stemmetyngde i forhold til medlemstal. Det er viktig at ein konserntillitsvalgt har brei tillit i alle organisasjonane. Ein bør såleis vurdere å nytte prinsippet ein organisasjon – ei stemme.

Der er forskjellige lokale avtalar med dei regionale helseforetaka om regiontillitsvalgtordninga og frikjøpsordningar. Det er viktig å kunne ivareta ei lokal tilpassing til ordningar som fungerer godt i den einskilde region. Vi finn det ikkje naturleg å knytte valperioder til rådsperiodene i Akademikerne Helse. Hos oss vil det ubetinga vere ein fordel å kunne nytte same valperioder som legeforeninga har for sine organisasjonsledd.

Vi ser behov for regelmessig kontakt mellom tillitsvalgte for Akademikerne Helse i helseforetaka med faste kontaktpunkt. Vi er meir skeptisk til behovet for formelle strukturar som akademikerstyrer på foretaksnivå og regionalt nivå. Dette vil fort kunne bli eit byråkratisk ledd som kan vere vanskeleg å halde i gang og heller hemme aktiviteten.

I vår region har vi erfaring for at legeforeningens regionutvalg har spelt ei viktig og konstruktiv rolle som kontaktledd overfor leiinga i helseforetaket. Det er eit nært og viktig samarbeid mellom Regionutvalget og regiontillitsvalgt for Akademikerne og styremedlem i det regionale helseforetaksstyret. Det er viktig at dette samarbeidet held fram sjølv om det er rimeleg at regionutvalget ikkje har ei formell rolle når det gjeld valg av akademikertillitsvalgt.

For Regionutvalget i Midt-Norge

Ottar Grimstad
nestleiar