Referat fra styremøte i MRLF 22. mars 2022

Tid: 22.03.22. Sted: Vestnes fjordhotell
Til stades: Ingunn Innerdal, Igor Jokic, John Kristian Høye, Kai Grimstad, Svein Anders Grimstad, Fredrik Axelsson, Eigil Sandvik, Tom Willy Christiansen, Brit Ingunn Hana (ref.)

Dialogmøte med leiinga i Helse Møre og Romsdal (HMR): 17.00-18.30
HMR ledelsen representert ved: Adm. dir. Øyvind Bakke, HRdir. Britt Roald Rakvåg, Fagdir. Erik Solligård.

Øyvind Bakke gjennomgjekk presentasjon av viktige saker i HMR pr. mars 2022, med innspel frå Rakvåg og Solligård, og vidare spørsmål og dialog med styret. Tema som blei omtala var mellom anna:

Covid-19-pandemien: Høgste tall innlagte i pandemien pr. i dag med 29, i hovudsak eldre og multisjuke. Fleire med andre innleggingsårsakar enn covid-19. Smittetopp for tilsette for to veker sidan. Tett dialog med organisasjonane.
Krigen i Ukraina: HMR har meldt inn kapasitet på spesialisert helsehjelp til somatisk sjuk og barn. Ikkje meldt om kapasitet innanfor psykisk helsevern.
Ventetid: 5 dagar under landsgjennomsnittet. TSB bra kontroll, utfordringar innan BUP og PHV-V.
Økonomi: 2021 161 mill. i overskot. Forklaring er mellom anna minska utgifter til gjestepasientar, god kostnadskontroll og covid-midlar. Overskot gir moglegheit til investering i medisinsk teknisk utstyr (EVAR, diskusjon om robot-kirurgi, nye/fleire MR) og bygg. Nybygg i rute (AIO, SNR, Akuttmottak Volda). Mål om å betre tilstandsgrad på bygg i HMR.
PHV-V: Leiinga nøgde med direkteoverføring av 36 mill. til å opprette 8 fleire sikkerheitspsykiatrisengeplassar. Elles viser leiinga til utviklingsplan-arbeidet, som er godt i gang. Tydelegare fagleg retning, og prioritering av dei alvorlegaste psykisk sjuke. Innspel frå Innerdal; den planlagte satsinga på PHV vil koste, korleis skal HMR følgje oppdragsdokumenta?
Utdanning/forsking: Senter for utdanning, forsking og kompetanse, nyoppretta. Tildelt 8 mill. Desentralisert medisinstudentutdanning er planlagt til hausten 2023. Studentane kjem frå 3. studieår. Korleis styrke forsking i primær helsetenesta, med bistand frå spesialist helsetenesta?
SNR: Dei fleste entreprisane er ute. Følger oppsett tidsplan. Plan om gradvis innflytting. PHV haust 2024. Somatikk ferdig 2025. Åsen og Øvrelid AS skal bygge Psykiatri og habiliteringsbygg.
Helseplattformen: Innføres våren 2023 i HMR.

«Kloke val»-kampanja: HMRleiinga positiv. Nødvendig med auka fokus på prioritering.
Leiing: Få legar i leiinga i HMR. Fokus frå Solligård om å auke talet.
HMR som arbeidsgivar: HMRleiinga vert utfordra på rolla som arbeidsgjevar, for å ivareta dei tilsette i alle livsfasar. Både for å rekruttere helsepersonell og å behalde dei lengst mogleg i arbeid.

Referat styremøte:
1. Møteinnkalling og sakliste blir godkjent.
2. Brit Ingunn Hana blir valt til referent.
3. Referat frå styremøte 25.01.22 blir godkjent.

4. Status yrkesforeiningar og kurskomite:
AF: Basisfinansieringen må auke. Spenning knytt til midlar avsett i ny handlingsplan mai 2022.

5. Årsmøte 2022:
a. Tidspunkt: 02.09.22. Kristiansund. Thon hotell Innlandet.
b. Årsmøtekomiteen arbeidar vidare med forslag til årsmøtekurs.
c. Valgkomite, endelig forslag til dette neste styremøte.

6. YLF/OF-brev: Krav om økonomisk støtte til OF/YLF-tillitsvalte frå lokalforeiningane, datert 21.02.2022.
Representantar frå YLF/ OF ser ikkje behov for å ha ein årleg fastsett sum i budsjettet for dette. MRLF støtter allereie ulik møter for YLF/OF, mellom anna LIS1-kvelder og møte for HMR foretaks-/hovedtillitsvalte. Yrkesforeiningane blir oppfordra til møteaktivitet og søknader til MRLF om støtte. En del av styrearbeidet er dialog rundt økonomi og kva som skal prioriterast. I dialogen og avgjerdene deltak yrkesforeiningane som fullverdige styremedlem. I styremøtet kjem det innspel om at deler av lovene til legeforeninga som omhandlar lokalforeiningane treng revisjon. Innerdal vil utforme svarbrev, som og signerast av Jokic/Axelsson.

7. Medisinstudentar i HMR: Studiestart haust 2023. Observasjonsstatus i styret i MRLF? Vurderest pr. dag prematurt. Vurdere vedtaksendring i årsmøte 2023.

8. Årshjul: Orientering
a. Styremøter våren 2022: 10.05.22 Dette møtet blir fysisk.
b. Helsepolitisk seminar: Flyttet til 02.11.22.
c. Landsstyremøte DNLF: 31.05.22-02.06.22.
d. Årsmøte 2022.

9. Eventuelt.
a. Mail om deltaking i referansegruppe – Håndholdt ultralyd ved AAA. Helseinovasjonssenteret i Kristiansund. Abdominalt aortaaneurisme. Eigil Sandvik og Kai Grimstad vil undersøke om det er aktuelt å delta.
b. Bærekraft 2.0 – aktivitetsundersøking og økonomistyring. Innerdal informerte.