Referat fra styremøte i MRLF 2. mars 2021

Til stades: Ingunn Romundstad Innerdal, Bjarne Storset, Eigil Sandvik, Tom Willy Christiansen, Øyvind Drejer Haldorsen, María Eugenia Domínguez Pedroso, Kai Grimstad, Nils Ringdal, Ingrid Prytz Berset,  Bente Grønnesby og Brit Ingunn Hana.

Bjørn Buan (leder Regionutval Midt) blei med i styremøtet fram til og med sak nr. 4. Lars Gunnar Angvik (tillitsvalt Sykehuset Nordmøre og Romsdal, SNR), koblet seg på møtet kl.18.00 for sak om SNR.

1. Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.
2. Brit Ingunn Hana blir valt som referent.
3. Godkjenning av referat frå styremøte 19.01.21.

4. Regionutvalet:
Status inneverande periode, ved leiar i Regionutvalet Bjørn Buan. 
Buan er nytilsett kommuneoverlege i Surnadal. Representant i Fastlegerådet i Helseplattformen. Han har tidlegare arbeidd for lokalforeininga i Sør Trøndelag i ca. 10 år.

Regionutvalet arbeider opp mot Helseforetaka. Det har vore god dialog med direktør og fagdirektør i HMN. Buan ynskjer at Regionutvalet også skal betre sin dialog med KS. Det har derimot ikkje vore regionale representantar for KS. Regionutvalet har også ei rolle som formidlar av lokale/regionale forhald til legeforeninga sentralt. Buan fokuserer på korleis regional og lokalforeningane kan få mest mogleg gjennomslagskraft. Det er regionalisering på ulike forvaltningsnivå i Norge, og da er det viktig å bruke dei foreiningsledda som finnes.

Helsepolitisk konferanse. Buan håper at flest mogleg kan delta på dette. Det er gode innleiarar som vil engasjere og vitige tema. 

Nils Ringdal formidlar etter innlegget at det er viktig at Møre og Romsdal får god nok representasjon i regionsutvalet ved neste oppnemning til hausten.

5. Status yrkesforeningar.
AF:  Koronahandtering har tatt mykje fokus. Vidare blir det utsett frist for enkelte kurs, sertifisering osv. Rikslønnsnemda treffes 10. og 11. mars med kjennelse i april. Fastlegekrisa er framleis like aktuell. Vanskeleg å få solgt hjemlar. Usikker investering for potensielle fastlegar. 
LSA: Covid-19 er altoverskyggande. Men det er framleis svært vanskeleg å få tak i fastlegar. Det blir ofte ”LIS ventarar” som reddar kommunane. Mange oppgåver ligg på vent rundt om i kommunane.
PSL: Avtalespesialistar etterlyser covid-19-vaksine frå HMR.
NAMF: Ny spesialistutdanning innan arbeidsmedisin er under arbeid. Fokusområde er mindre helsekontrollar og meir forskingsbasert praksis. 
OF/YLF, HMR: Inntektsfordelinga mellom helseforetaka blei bestemt i styret for HMN. Modellen som blei valt er at ein estimerer kostnader til 50 : 50, utan regionstilskot.
Denne omfordelinga gjer at HMR får tildelt 177 millonar meir årleg. Omfordelinga skal evaluerast.  Stortinget har instruert adm. dir. om å gjenopne fødeavdelinga i Kristiansund. Innan Psykisk helsevern blir det i desse dagar gjort to ROS analyser, med tanke på å redusere i tilbod i DPS Nordmøre og Romsdal.

Kurskommiteen: Kurset i Rus og psykiatri vil gjennomførast fysisk. Klarert med DNLF sentralt.

6. SNR: Status og vegen vidare ved ny SNR-legetillitsvalt Lars Gunnar Angvik:  
Angvik starta i prosjektet like før jul 2020, da kontrakten med Skanska blei annullert.

·       Skanska vil fullføre det tomteforberedande arbeidet.
·       Økonomiske ramma for prosjektet auka med 800 mill. til 5.9 mrd.
·       Del-entreprisemodell, HMR har hovudansvaret og koordineringsansvar. Det vil da kunne vere ei større bredde av entreprenørar og større sjanse for at lokale bedrifter kan bidra. Fleire delentreprisar er utlyst, alle utlysningar skal ut ila 2021.
·       Planlagt gjennomgang av alle vaktplanar for legar, for å finne kva som trengs av kvilerom, rom ved utrykking osv. Fristen 25. juni 2021.
·       Lokalisasjon av ulike sengepostar innad i sjukehuset ikkje fastlagt. Kva treng nærleik til kvarandre? Prosjekt leda av Astrid Brandshaug og Gry Rønning. 
·       Avdeling for sjukehuspsykiatri N&R blir på Hjelset gjennom heile byggeperioden og prosjektet har møte med avdelinga kvar veke. Det står i avtalen at det må takast omsyn.

7. Økonomi/nytt skybasert regnskap/ny kursportal ved organisasjonssekretær Bente Grønnesby.
Grønnesby orienterte om det nye økonomisystemet, og korleis dette praktisk skal gjerast. Acountor har rundt 200 kundar som har Sky-baserte tenester.

8. Helseplattforma - orientering.
Denne veka er det fleire møter mellom lokale tillitsvalgte og E-helseteamet i DNLF. E-helseteamet i legeforeninga sentralt tek ansvar som forhandlingspart, på vegne av privatpraktiserande legar. Dette er eit ansvar lokalforeningane og lokale hovudtillitsvalte ønsker at hovudforeninga og sekretariatet skal ta. Lokale tillitsvalte vil være referansegrupper i arbeidet.
Det er viktig at det er profesjonelle som utfører forhandlingar. Fastlegerådet er ein del av helseplattforma. Innerdal formidlar at det er viktig at AF er aktive, og at AF-hovudtillitsvalt bør delta i vidare møte. Framleis mykje uklart angåande funksjonalitet og pris.    

9. Helsefelleskap status. Styret har ikkje mandat til å finna kandidatar til ulike samarbeidsutval/kommande Helsefelleskap.
Eksisterande strukturar må brukas for å finne aktuelle legar. Løn for dette arbeidet må være klarlagt. 

10. Årshjul:  
1. Styremøter våren 2021: 27.04.21, 08.06.21. Neste styremøte blir på Teams.
2. Lokalforeningsseminar: Gjennomført digitalt 14.01.21 
3. Landsstyremøte DNLF: 01.-03.06.21, Lillestrøm. (Landsstyremøte i Stavanger utsatt til 2022).  
4. Helsepolitisk seminar: 25.03.21. Digitalt halvdagsseminar. 
5. Årsmøte MRLF: Eiga sak.
 

11. Årsmøte MRLF 2021 – MRLF 160 år. Ved foreløpig årsmøtekomité. 
Tidspunkt og stad:  03.09.21 -04.09.21 i Geiranger.

Plan for årsmøtekurs. Viser til forslag frå årsmøtekomité (Innerdal, Storset, Endresen og Hana). 

12. Eventuelt
Leiar ynskjer oppdatert Mail-liste på kvar innkalling skal sendast til.
Valkomiteen må aktiverast.