Referat fra styremøte i MRLF 25. februar 2020

Referat frå styremøte i Møre og Romsdal legeforening

Tid: 25.02.20 kl. 16.30 -20:00
Sted: Vestnes fjordhotell

Til stades: Ingunn R Innerdal, Nils Ringdal, Tom Willy Christiansen, Bjarne Storset, Dag Brekke, Igor Jokic, Ingrid Prytz Berset, Stian Endresen, Erik Kjetså, Kai Grimstad, Øyvind Dreier Haldorsen, Brit Ingunn Hana ( ref) 

Sakliste: 

Møtet starta med 20 min. orientering frå støttekollegaordninga i Møre og Romsdal, ved Gunvor Starheim og Solveig Ulstein.

1.      Møteinnkalling og sakliste blir godkjent 

2.      Brit Ingunn Hana blir valt som referent.

3.      Referatet frå 21.1.20 blei godkjent

4.      Høyringsuttalelse – Lovendringsforslag generalsekretær-stilling DNL.  
DNL bør ha ein generalsekretær som er lege. På samling av leiarar i lokalforeiningar rundt om i landet er det semje om at generalsekretæren bør ha utdanning/ erfaring som lege. Ingunn Innerdal sender ut forslag til høyringsuttalelse frå Møre og Romsdal legeforening.

5.      Årsmøte 03.09.20.
- Oppstart; kl. 17:00.
- Lokale; «Seilet» i Molde
- Kan sette av 2 ½ time til politisk debatt
- Sak til neste gong:  Forslag til valkomité

Aktuelle tema:
- Samhandling
- Mangel på turnuslegeplasser LIS 1
- Rekruttering, utdanning og halde på legespesialister

Marit Hermansen er invitert til årsmøte og har takka ja til å delta. Øyvind Bakke er aktuell til å invitere. Kan også Kristin Cornelia Utne leiar av YLF vere aktuell?

Vi treng ein komité til å planlegge debatten og evt opplegg for fredag 4.9. dersom det blir aktuelt.

6.   Helseplattformen.
Helge Storøy regional innføringsleder ynskjer at Helseplattformen kan komme til styremøte i Møre og Romsdal legeforening.
Viktig at Møre og Romsdal legeforening klargjer si rolle i denne satsinga. Representantar frå  Helseplattformen blir invitert til siste del av møtet 24.03 2020. Storøy må vurdere om implementeringsdirektør Henrik Erdal og implementeringssjef Kirsti Hamar også skal delta.

Det er ikkje Møre og Romsdal legeforening si oppgåve å gi råd om val av journalsystem. 

7.      Årshjul
a.   Styrekompetansekurs Trondheim BI 04.02.20-05.02.20. Ingunn Innerdal, Erik Kjetså, Øyvind Dreier Haldorsen og Eigil Sandvik deltok. Viktige tema var påvirkningsarbeid og samhandling med sentrale myndigheter. Presisert at eit styre skal jobbe med strategi og gi mål for  den daglige drifta.

b.   Styreseminar 28.04.20 14.00-20.00: Diskuterer tema neste gang.

1. Møte med leiinga HMR Øyvind Bakke, Torstein Hole og T Hjelset
2. Fellesmøte leiinga HMR og prosjektleiing SNR. Ketil Gaupset
3. Ordinært styremøte.

c.   Styremøter våren 2020: 24.03.20, 28.04.20 og 02.06.20.

d.   Tillitsvalgtkurs Alta: 14.-16. september 2020. Planer om at sentralstyret i DNL deltar på dette.

8.   Nytt frå yrkesforeningane og kurskomiteen.
AF: Endring vararepresentant, Stian Endresen går inn som 1. vara. Endresen minner nå om at styringsdokumentet for HMR er mykje tydelegare på krav til samarbeid mellom allmennlegar og spesialisthelsetenesta, noko også Nasjonal helse og sykehusplan 2020 -2023 har stort fokus på.

OF:  Positivt med lokal leiing, og direktøren ynskjer legar i leiarroller. Viktig likevel å huske på at lokal leiing ikkje endrar innsparingskravet.

YLF: Nytt LIS kull med LIS kveldar.  

 

PSL: Ingen nye stillingar.

LSA: Enkelte utfordringar for kollegaer i samband med kommunesamanslåing.

9.   Eventuelt
a.  Microsoft Teams ved Erik Kjetså, Dette blir utsett til neste møte
b. Høringsuttalelse: Evaluering av ordning med lokalforeninger. Ingunn Innerdal starter arbeidet med høringsuttalelse. Frist 9. mars.