Møre og Romsdal legeforening

Lokalforening

2017

Referat fra styremøtei Møre og Romsdal legeforening 12. september 2017

25. april 2018

Tilstades: Ingunn R. Innerdal, Ida M. Birkhaug, Eigil Sandvik, Tom W. Christiansen, Britt-Ingunn Hana, Ligita Laimina, Nils Ringdal, Inger Lise Kaldhol og Bjarne Storset (siste 10 min.)

1. Godkjenning av innkalling og saksliste.
Innkalling og saksliste godkjent.

2. Val av referent.
Inger Lise Kaldhol

3. Bli kjent runde:

Inger Lise Kaldhol Leder Kommuneoverlege i Ulstein
Ingunn Romundstad Innerdal Medlem (årsmøte) Psykiater, Molde DPS
Tom Willy Christiansen Medlem (årsmøte) Fastlege og kommuneoverlege Ørskog
Ida Monn Birkhaug Medlem (Ylf) LIS, medisin i Molde
Nils Ringdal Medlem (PSL) Pensjonert lungelege, Molde
Eigil Sandvik Medlem (AF)   Fastlege Kristiansund
Ligita Laimina Medlem (Namf) Bedriftslege Stamina, Ålesund
Brit Ingunn Hana 1. vara (årsmøte) Psykiater, medisinsk rådgjevar


4. Val av nestleiar.
Ingunn R. Innerdal

5. Val av kasserar
Nils Ringdal
Kasserar gjekk gjennom budsjettet som blei vedtatt av årsmøtet. Gi beskjed til sekretær om ein ønsker avisabonnement. Rekningar/frikjøp kan samlast til slutten av året eller sendast inn etterkvart. Skjema på heimesidene til foreninga. Sjå årsmøteprotokollen for meir informasjon. Ta kontakt med Nils eller Bjarne om det er spørsmål.

6. Korleis vil vi jobbe og kva vil vi prioritere?
Hovudmål: Stimulere til god dialog.
Satsingsområde: Arbeidstidsordning i sjukehus, fastlegeordninga, tillitsbasert leiing.

  • Kommunikasjon mellom møta på Facebook?
    Nei, ikkje alle brukar det. Hastekommunikasjon på SMS.
  • Google-disk til høyringar?
    Ja, også til innkallingar/referat med e-post varsel. Vi vil få til litt opplæring.
  • Kor mange høyringar?
    Prioritere lokale saker, men halde oss utanfor lokaliserings-strid og nasjonale endringar som gir store organisatoriske konsekvensar. Ingunn og Inger Lise følger med på om det kjem aktuelle saker og utfordrar dei som kan/bør bidra. Alle kan ta initiativ viss dei ser ei sak dei brenn for.
  • Råd og utval vi burde sikre representasjon i?
    Vi kjenner ikkje til andre utval enn RU. Det vi bør fokusere litt meir på er medlemsmøte. Kanskje arrangere tillitsvaltsamling?
7. Evaluering av årsmøte.
Samme rammer og opplegg for neste årsmøte eller ta igjen Geiranger?Årsmøtekurs?
Bra oppmøte frå Molde på årets årsmøte. Geiranger har tidlegare vore kobla til valår, men vi vel å gå vekk ifrå dette for å skape ei god ramme for å bli kjent og få til sosialisering neste år. Inger Lise reserverar 40 rom på Union hotell Geiranger 7.-9. september neste år og vi satsar på å få til kurs fredag/laurdag+årsmøte laurdag.
8. Aktivitetar i haust.
  • Neste styremøte blir 10. oktober.
  • Juleavslutning med styremøte og julebord med følge blir 1. desember. Inger Lise finn stad, prioritert rekkefølge: 1. Storfjord. 2. Angvik.
  • Hurtigrutekonferansa 30. oktober-1. november. Tom vil halde innlegg, dei som ikkje kan bli med sjølv inviterer med vara. Invitasjon blir sendt ut når den er klar.
  • Helsepolitisk seminar 15. desember. NB! blir flytta pga kollisjon, ny dato er 17. november.
9. Manglande føretakstillitsvalt for Of. Vegen vidare.
Britt-Ingunn Hana tek kontakt med Odd Frode.
Ylf ved Ida M. Birkhaug gir beskjed om utfordingar dette gir sentralt.
Inger Lise Kaldhol sender e-post til Of sentralt.
10. Eventuelt.
Ida M. Birkhaug vil skrive eit brev til SNR prosjektorganisasjonen for å gjere dei oppmerksame på at det ser ut til å vere planlagt for få vaktrom. Styret støttar dette.
Bjarne Storset orienterte om arbeidet i kurskomiteen. Vi må få rekruttert eit par medlemmer til. To får reise på kurs. Sekretæren bør også med?