Møre og Romsdal legeforening

Lokalforening

2017

Referat fra styremøte i Møre og Romsdal legeforening 10. oktober 2017

25. april 2018

Tilstades: Ligita Lamina, Dag Brekke, Nils Ringdal, Tom W. Christiansen, Eigil Sandvik, Ida M. Birkhaug, Jon-Sverre Aursand, Kai Grimstad, Ingunn R. Innerdal, Bjarne Storset og Inger Lise Kaldhol. Sigurd Heian på sak 4.
Vi starta med felles middag frå kl. 17-17.30.
 

1. Godkjenning av innkalling og sakliste.
Innkalling og sakliste blei godkjent.

2. Val av referent
Inger Lise Kaldhol blei valt til referent.

3. Godkjenning av innkalling og saksliste.
Godkjent, men sjekk pkt.4 for layout. Send referatet til Bente for å få det på nettsidene.

4. SNR med Sigurd Heian (17.30-18.45)
Sigurd Heian orienterar om status for SNR prosjektet. Han er anestesilege i Molde som er 25% frikjøpt for å jobbe med SNR som legeforeningsrepresentant.
Sjukehusbygg har definert arealbehov. Prosjektet brukar ein dreiebok som er brukt også i andre utbyggingar siste åra. 40 000m2 i dag skal blir til 60 000m2 i SNR. Mykje av arealet går til enerom til alle pasientane.

Vedtaket frå 2014 seier tre ting:
Sjukehuset på Hjelset, DMS i Kristiansund og styrking av prehospitale tenester.
Målet er innflytting i det nye sjukehuset i 2022.

Sigurd har vore med i arbeidet med romfunksjonsprogrammet. Brukt mest tid på basen og saman med gruppeleiarane. Det er sansynlegvis planlagt for lite areal til poliklinikkrom. I tillegg kan barneavd. gi behov for ei ekstra etasje.
Mottaket har fått relativt stor plass i det nye sjukehuset. Det skal vere ein kortidpost der pas. skal kunne ligge i 48 timar. Det skal vere spesialistar i mottaket og posten skal fungere heile døgnet slik at ein kan gjere raske avklaringar.
Arealet i DMS Kristiansund skal brukast til 2 operasjonssalar, i hovudsak ortopedi og gyn, i tillegg bildediagnostikk, poliklinikk og lab.
OU gruppene har ikkje kome i gong. Målet er 8t effektiv drift, fleksible arbeidstidsordningar, kompetanse og bemanning i mottak)

                  Ida orienterar om status for vaktrom

Ida sendte ein e-post frå styret om bekymringa for at det er planlagt for få vaktrom for legar i aktiv vakt  i SNR. Ho fekk eit veldig rundt og lite tilfredstillande svar. Styret ser ikkje poenget i å halde fram ein slik e-post dialog, og vidare påverkning rundt dette må skje i andre arenaer.

5. Nytt fra yrkesforeningane:

LVS-Dag Brekke: Fått kontakt med 3 av 5 medlemmar og avklart gjenval for Dag Brekke.

PSL-Nils Ringdal: Nils Ringdal har vore med i Utviklingsplanarbeidet til Helse Møre og Romsdal i eit av delområda som blant anna innheld avtalespesialistar og desentralisert teneste. Utvalet har sett opp ei tiltaksliste over kva avtalespesialistar som bør opprettast i Møre og Romsdal.

AF-Eigil Sandvik: Snart tariffkonferanse. Det skal vere debatt med Bent Høie. Utfordringar i fastlegetenesten med underbemanning og underfinansiering. Det har gitt aukande rekrutteringsutfordringar siste åra.

Ylf-Ida Birkhaug: Langtidsplanlegging av arbeidstid. Espen Remme seier at det ikkje skal innførast individuelle arbeidsplanar. Ikkje alle forstår heilt kva det er, så YLF vil ha møte med klinikksjefane for å avklare.

LSA-Inger Lise Kaldhol: Beredskap og leiing er fokusområde.

6. Kurskomiteseminar ved Bjarne.
Bjarne foreslår at heile kurskomiteen og sekretær får reise på kurskomiteseminar i januar. Styret støttar dette forslaget. Det vil gi litt ekstra utgifter til praksiskompensasjon (3 stk)  og reiseutgifter, men styret ser dette som ei god investering då det er kursa som gir inntekter til foreninga.

7. Aktivitetar framover. 

                  Hurtigrutekonferanse 30.oktober-1.november-4 er påmeld, plass til fleire
                  Lokalforeningsseminar 7.-8. november-Ingunn reiser
                  Helsepolitisk seminar 17.november-Inger Lise blir med, fleire?
                  Juleavslutning med styremøte og julebord.  24.november ved Storfjord hotell. Møtestart kl. 17. Vi utsett google disk opplæringa til første møte etter jul.
                  Tillitsvaltseminar-ikkje aktuelt akkurat no. Kan takast igjen. Ylf arrangerer møte saman med DanskeBank.

8.  Manglande føretakstillitsvalt for Of. Odd Frode Aasen orienterar.
Odd Frode Aasen var ikkje tilstades i møtet. Styret er usikker på eiga rolle. Inger Lise tek kontakt sentralt for å høyre om noko er forventa av oss. Det er utfordrande for YLF at det manglar OF representant. Derfor skal Ylf og Of arrangere eit felles møte 15.november. Ida Birkhaug har laga ei oversikt over tillitsvalte saman med Frank Malme. Det er i Helse M&R tilsaman 1,8 frikjøpte stillingar. Ylf vil ha overført stillingsressurs frå Of no i påvente av at det kjem på plass ein FTV for Of.

9. Eventuelt.
Styret blei orientert om at det har blitt gjort val i LSA og LVS, jamfør pkt. 12 i årsmøteprotokollen. I LSA er Jessica Eik valt som representant og Kai Grimstad som vara. I LVS er Dag Brekke gjenvalt.