Bedre og sikrere innlogging på nettsidene til Legeforeningen!

Innlogging på Legeforeningens nettsider vil erstattes med en sikrere og bedre løsning, mer informasjon kommer snart!

Den private innboksen i portalen forsvinner i løpet av kort tid. Varsel om dette ble lagt ut på meldingssiden 11. juni 2019.

Møre og Romsdal legeforening

Lokalforening

Gjennomførte kurs/konferanser/møter

Emnekurs i lindrande behandling, 8.–9. november 2017

Møre og Romsdal legeforening inviterer til emnekurs i lindrande behandling, 8.–9. november 2017 i Ålesund.
21. mars 2017
COLOURBOX1705366
Foto: Colourbox
Tid: 8.–9. november 2017
Stad: Color Line Stadion, Ålesund
Pris:
  • Kursavgift: 3300 koner
  • Obligatorisk dagpakke: 990 kroner
  • Sum: 4290
Godkjenning:
  • Godkjent med 15 kurspoeng som emnekurs/klinisk emnekurs i palliasjon til videre- og etterutdanningen i spesialiteten allmennmedisin
  • Godkjent med 15 kurspoeng som valgfritt kurs til videre- og etterutdanningen i spesialitetene onkologi, kirurgi, indremedisin og gynekologi 
  • Søkt godkjent med 15 kurspoeng som valgfritt kurs til videre- og etterutdanningen i spesialitetene indremedisin og gynekolog

Målgruppe

Fastlegar/sjukeheimslegar andre leger som arbeider med eller er interessert i lindrande behandling/palliasjon.

Læringsmål

Etter endt kurs skal deltakarane ha teoretisk og praktisk kjennskap til fagfeltet palliativ medisin. Ein vil belyse behandling av vanlege symptom og søke å auke kompetanse til den enkelte deltakar med omsyn til kartlegging av symptoma og om praktisk symptomlindring.
Kurset  vil gje innsikt i organisatoriske forhold, tverrfagleg arbeid og heilskapleg ivaretaking av pasient og pårørande. Aktuelle verktøy for å sikre god pasientflyt og samhandling innan i kommunehelsetenesta og mellom spesialist og primærhelesetenesta vil bli grundig presentert. Kommunikasjon og formidling av alvorlig diagnose og behandlingsval vil bli belyst, samt fokus på førebuande samtaler med den alvorleg sjuke. Samla vil kurset gje god kjennskap til oppfølging av den alvorlig sjuke og døyande pasienten og familien.

Program

Onsdag 8. november
Tid Emne
09:00–09:15 Velkommen, praktisk info
09:15–10:00

Generelt om palliasjon, definisjonar og begrep. Kva har endra seg/er i endring?

Jorunn B. Fjellheim, overlege lindrande team, Ålesund sjukehus

10:00–10:10 Pause
10:10–11:00

Behandlingsstrategier for smerter

Sigbjørn Lid, overelge lindrande team, Volda sjukehus

11:00–11:15 Pause
11:15–12:00

Tungpust

Odd Frode Åsen, overlege medisinsk avdeling, Volda sjukehus

12:00–13:00 Lunsj
13:00–13:45

Symptomlindring, angst og depresjon

Anne Fasting, overlege lindrande team, Kristiansund sjukehus

13:45–14:00 Kaffepause
14:00–14:30

Demonstrasjon av smertepumper/pleurX mm.

Sjukepleiarar i LT

14:30–15:00

Kvalme

Lise Vindi, overlege kreftavdelinga/lindrande team, Ålesund sjukehus

15:00–15:15 Pause
15:15–16:15

Barnepalliasjon

Johannes Skorpen, overlege barne- og ungdomsavdelinga, Ålesund sjukehus

16:15–17:00

Å ivareta pårørande

Barn som pårørande

Kari Myklebust, sjukepleiar lindrande team, Ålesund sjukehus

Torsdag 9. november
 Tid Emne
08:30–10:00

Førebuande samtaler

Lisa Boeckmann, allmennlege Bodø

10:00–10:10 Pause
10:10–11:00

Palliativ plan

Bardo Driller, overlege lindrande team/anestesi, Molde sjukehus

11:00–12:00

Fastlegens erfaring med palliativ plan

Plenumsdiskusjon

Sindre Klokk, allmennlege Ålesund

12:00–13:00 Lunsj
13:00–14:00

Kva forventningar har fastlegane til spesialisthelsetenesta?

Thilde Svela, allmennlege Molde

Og kva forventningar har spesialisthelsetenesta til fastlegane?

Kristian Wennevold, allmennlege Hareid

14:00–14:15 Pause
14:15–16:00

Behandlingsbegrensing – når er nok nok?

Terje Takle, overlege lindrande team/anestesi, Ålesund sjukehus
Jo Åsmund Lund, fagsjef Helse Møre og Romsdal