Bedre og sikrere innlogging på nettsidene til Legeforeningen!

Innlogging på Legeforeningens nettsider vil erstattes med en sikrere og bedre løsning, mer informasjon kommer snart!

Den private innboksen i portalen forsvinner i løpet av kort tid. Varsel om dette ble lagt ut på meldingssiden 11. juni 2019.

Møre og Romsdal legeforening

Lokalforening

2013

Stortingsmelding om én innbygger – én journal

Styret i Møre og Romsdal legeforening har drøfta denne stortingsmeldinga. Vi har også merka oss at den synes å vere møtt med stor velvilje frå sentralt hald i legeforeninga. Vi vil oppmode sentralstyret om å halde fast på dei grunnleggande synspunkta som ligg i sentralstyret sin høyringsuttale til Nasjonal kjernejournal – avgitt våren 2011:
23. januar 2013

«Informasjonsutveksling skjer i dag i hovedsak ved meldingsutveksling, og det er viktig at formålet med kjernejournal ikke er å erstatte denne utvekslingen.»

Vi er samd i at tilgang til korrekt medisinsk informasjon er viktig for å gi pasientar rett behandling. Vi trur også dei fleste innbyggarar er interessert  å gi tilgang til slike opplysingar for dei som treng det.  Samstundes vil der vere personlege opplysingar som ein pasient gir til legen sin, og helsemessige opplysingar, som ein pasient har heilt legitim interesse i ikkje kjem vidare. Vi må ikkje lage system som er slik at pasientar ikkje våger å gi legen relevant informasjon – eller der legen ikkje våger dokumentere viktig informasjon.

Dette gjer oss svært skeptisk til overskrifta «En innbygger – en journal». Det ligg sterke føringar i meldinga for at ein skal arbeide fram mot løysingar med ein felles journaldatabase for alle behandlingsinstitusjonar.

Ein felles journaldatabase gir uløyselege personvernutfordringar. Der har vore sitert løysingar der pasientar gir tilgang til sin journal ved biometriske løysingar (legge handa på ei plate t.d.). Vi veit at det kan vere svært nødvendig for behandlarar å ha tilgang til journalane uten at pasienten fysisk er tilstade. Eit system med felles journaldatabase vil potensielt gi fleire titusen behandlarar mulighet for å få tilgang til  ein journal. System med logging og melding til pasienten om kven som har vore inne i journalen, vil sjølvsagt kunne redusere faren for  ”snoking”, men for enkelte pasientar vil da skaden ha skjedd. Vi har også utryggheit knytta til om alle deltakarar i eit slikt system har gode nok rutiner knytta til låsing av terminalar m.a.

Ein skal heller ikkje undervurdere kostnadane ved å skifte ut journalsystema ved alle legekontor, alle sjukeheimar, alle institusjonar. Utfordringane ved å konstruere eit journalsystem som kan ivareta alle funksjonane det er behov for, synes også enorme. Vi har fleire prosjekt i 100-millionsklassen i Noreg innafor Helse og velferd, som har vore mislukka. Vi kan ikkje bruke nye milliardbeløp på datasystem som ikkje fungerer, og sette oss så høge mål at vi ikkje får gjennomført dei forbedringar som trengs i dagens system.

Eit kjernejournal kan med pasienten sitt samtykke,  innehalde henvisningar, epikriser, røntgensvar, medisinlister, laboratoriesvar. Gjennom dette vil den kunne vere meir oversikteleg enn uredigerte journalnotat frå alle behandlarar. Dette må vere veien å gå. Legeforeninga bør motsette seg felles journaldatabase.

Ottar Grimstad
leiar