Høringsuttalelse – Reservasjonsadgang, rapport fra arbeidsgruppe

Saka om legars reservasjonsrett er krevjande fordi den berører viktige og følsame tema både for legane og pasientane.  Som Eivind Meland formulerer det: ”Vi står overfor et ekte dillemma ved at mulightene for krenkelser er til stede på begge sider”.

Styret i Møre og Romsdal legeforening meiner at den føreliggande rapporten behandlar temaet på ein grundig og respektfull måte og at arbeidsgruppa har oppfylt sitt mandat.

Sjølv om det er ulike syn i arbeidsgruppa har ein også kome fram til semje i viktige spørsmål som handlar om begrepsavklaring, begrensingar i reservasjonsrett/reservasjonsadgang og gitt eit viktig oversyn over kva som er gjeldande rett.

Vi vil fullt ut støtte formuleringa (øvst, s 3) ”Det er enighet i gruppen om at pasientens lidelse er det prinsipielle utgangspunktet for all legevirksomhet, og at lidelse hos pasienter kan veie tyngre enn legens overbevisning”.

Vi støttar og at reservasjonsadgang berre er aktuelt i spørsmål og gjeld ”liv og død-problematikk”

I uttalen frå arbeidsgruppa er det formulert fire moglege standpunkt til reservasjon:

A.    Ingen reservasjonsrett
B.    Bortfall av henvisningsplikt. Dei abortsøkande kvinnene kan vende seg direkte til sjukehuset.
C.    Endring av rundskrivet frå Dep av okt 2011 slik at ”fastlegen i samarbeid med kommune og kollegaer kan finne løsningar som ivaretar pasientens rett til helsetjentester slik at det også er rom for legens reservasjon”.
D.    Adgang til reservasjon i liv-død problematikk, nedfelt i lov eller forskrift.

Styret i Møre og Romsdal legeforening finn ut frå kjennskap til den konflikta som ein del kollegaer kjenner på, ut frå uttalen frå WHA 2006(World Medical Association) og ut frå at det er i dei abortsøkande kvinnene si interesse at den legen dei snakkar med og får råd frå maktar å vere deltakande og aktivt støttande, at det bør vere mulgihet for å reservere seg, også frå henvisning til abort.

Styret finn det urimeleg at ei sterk etisk overbevising om å ikkje kunne delta i henvisning til abort, skal kunne diskvalifisere ein lege frå å arbeide som fastlege. Vi meiner dette i lang tid har vore bra ivaretatt med ein praksis i samsvar med alternativ C. Dersom ein må formalisere dette nærare, vil vi støtte alternativ D.