Høyringsuttale vedr Legeforeningens statusrapport om forebyggende helsearbeid

Vedteke i styremøte 22. februar 2012

Møre og Romsdal Legeforening meiner den framlagde rapporten gir eit godt grunnlag for å forstå bakgrunnen for og vurdere nytten av førebyggande heslearbeid.

Vi er spesielt glade for at ein har trekt fram den store betydninga gode oppvekst og levekår har for seinare helse. Mange av dei viktigaste arenaene for helsefremjande og førebyggande helsearbeid ligg utanfor den tradisjonelle helsetenesten. Dette krev samarbeid over tradisjonelle etats og departementsgrenser.

Rapporten inneheld mykje oppdatert og for mange ny kunnskap og kan brukast som eit ressursdokument.

Når det gjeld kapittel 4 om Helsetjenestens rolle, vil vi påpeike fylgjande:

Det er viktig at både kunnskapsformidling og rådgiving tek utgangspunkt i den enkelte sine ressursar og forståelse, slik rapporten framhevar. Forståelse er noko anna enn kommunikasjonsevne, slik at ordvalget  kulepunkt 1 øvst på side 29 bør endrast.

Ramma om kunnskapsbaserte intervensjonar for å reduserte sosial ulikhet og dødlighet i England (”Whitehallstudien”) er vanskeleg å forstå, og bør gjerast meir pedagogisk.

Primærhelsetenesten vil ha ei sentral rolle i ei auka satsing på førebyggande og helsefremjande arbeid, og dette vil kreve fleire fastlegar i kommunane. Rapporten påpeikar dette, kanskje bør dette poenget gjerast enda tydelegare.

I avsnittet om helsestasjons og skulehelsetenesten bør Helsestasjonsarbeidet for ungdom nevnast. Dette er etablert i mange kommunar og opplevest som  eit viktig tilbod.

Under avsnittet Det kultursensitive kraftsenter er ein utvida frisklivssentral presentert, med utgangspunkt i erfaringar frå Stovner/Grorud i Oslo. Dette er spennande og meiningsfull tenking som imidlertid må konkretiserast ytterlegare og tilpassast lokale forhold om det skal fungere i mindre befolkningstette område av landet.

Spesialisthelsetenesten vil ha ei viktig rolle i det førebyggande helsearbeidet og ha allereie utvikla ein del tilbod. Det er viktig at dette tilbodet blir gjort godt kjent for primærhelsetenesten og at dialogen mellom 1 og 2 linjetenesten er god.