Høyringsuttale: Intern høring – Forslag om endringer i Legeforeningens lover og fastsettelse av medarrangør for landsstyremøtet i 2015

Handsama i styremøte 15. Mars 2012

1. Tidspunkt for landsstyremøte
Inntil 2001 hadde legeforeninga landsstyremøte om hausten og valperioden for president og sentralstyre gjekk frå årsskiftet. Det kom ei ny regnskapslov som kravde at rekneskapen skulle godkjennast innan 6 månader  etter slutten på rekneskapsperioden, og ein vedtak derfor å flytte landsstyremøtet til våren, innan 31.mai, og endre valperioden  til å starte 1. September. Dette har ikkje vore gunstig. Valkamp og landsstyremøte kjem midt oppi forhandlingsløpa og mai er ein pressa månad for å finne plass til slike store arrangement.

Det er sendt på høyring eit forslag om å endre mogleg tidspunkt for landsstyremøte til heile den lovlege fristen; 30. Juni.

Det er ein svært dårleg ide å halde landsstyremøte i slutten av juni. Ferieavviklinga er starta. Nokre delegatar vil ha starta ferie og melde avbod av den grunn. Dei som ikkje har starta ferie, vil ha auka arbeids- og vaktbelastning på arbeidsplassen fordi andre der er på ferie.  Ein kunne kanskje akseptere ei utviding til 10. Juni, men vi kjem da inn i eksamenstida til studentane med dei problem det kan medføre for deira deltaking.


Styret i Møre og Romsdal legeforening ønskjer å halde  på gjeldande frist, og så akseptere at det kanskje einskilde år kan vere naudsynt å gli nokre få dagar inn i juni (slik det har vore gjort tidlegare også.)I rekneskapslova ligg det ei muligheit for å søke om godkjenning av avvikande rekneskapsår. Dersom vi fekk godkjent rekneskapsår frå 1. Juli til 1. Juli, ville vi kunne flytte landsstyremøtet tilbake tilhausten, noko som ville vere ein stor fordel. Sentralstyret bør undersøke muligheita for å få slik godkjenning.

 

2. Representasjon for NMF
NMF har fått godkjent utviding av styret sitt frå 6 til 7. Den siste oppretta styreplassen har ansvar for globale helsespørsmål og representerer internasjonalt. NMF ønskjer at denne også skal få sete i landsstyret., mellom anna sidan legeforeninga også er sterkt opptatt av globale helsespørsmål.
Det er ingen direkte samanheng mellom storleiken på eit organisasjonsledd sitt styre og representasjon i landsstyret for nokon av organa i legeforeninga. NMF står fritt i kven av styremedlemmene som skal vere delegatar til landsstyret. Alle medlemmer i legeforeninga har også tale- og forslagsrett på landsstyremøtet .

Styret i Møre og Romsdal legeforening går derfor mot forslaget om utviding av landsstyrerepresentasjonen for NMF.

 

3. Landsstyremøte 2015

Fram 2005 var landsstyremøta som hovudregel utanfor Oslo. Etter dette er møta arrangert anna kvart år på Soria Moria som eit sparetiltak. I tillegg vart også jubileumslandsstyremøtet arrangert i Oslo. Siste 20 år er 15 landsstyremøter arrangert  utanfor Oslo. Av desse har Møre og Romsdal  som einaste lokalforening, arrangert 2, i 1994 og 2003. Styret ser det derfor ikkje naturleg å legge landsstyremøtet 2015 til Møre og Romsdal.