Høyringsuttale – nasjonal kjernejournal

Styret i Møre og Romsdal har handsama denne saka i møte 13. september.

Styret er positiv til etableringa av ein nasjonal kjernejournal. Det vil kunne styrke pasienttryggleiken ved at viktig informasjon er tilgjengeleg for behandlarar. Denne løysinga er mykje bedre når det gjeld personvern, enn løysingar som har vore foreslått der det blir gitt gjensidig tilgang i ulike journalsystem. Ulempen er kor oppdatert og påliteleg eit slikt ekstra register blir. Det må leggast vekt på automatiserte rutiner som kan hente ut informasjonen frå relevante stader. Ein bør ikkje vere for ambisiøs i starten. Det aller viktigaste vil vere pålitelege oppdaterte medikamentlister, men også CAVE, allergiar,viktige kroniske diagnoser som til dømes astma, allergi og diabetes, bør med.

Vi ser det ikkje godt nok med berre ein reservasjonsrett. Det vil vere uklart kor godt kjent eit slikt register vil vere hos alle, og dermed kan reservasjonsretten bli illusorisk. Det bør vere krav om aktivt individuelt samtykke. I samband med lanseringa bør det vere ei nasjonal informasjonskampanje med innhenting av samtykke. 

Det er viktig med god datasikring av dataene, og god overvåking av bruken av systemet slik at misbruk blir avslørt.

Det bør vere eit mål at fastlegane sine medikamentlister er så pålitelege at dei kan brukast som basis i eit slikt system. Det vil da vere nødvendig med  ei utvikling av datajournalar som gjer det lettare å vedlikehalde disse listene halvautomatisk på bakgrunn av endra medisinering i epikriser.; til dømes ved system som identifiserer medikamentendringar og berre spør fastlegen om desse skal endrast i hans journal. Slik utvikling må finansierast av staten.