Bedre og sikrere innlogging på nettsidene til Legeforeningen!

Innlogging på Legeforeningens nettsider vil erstattes med en sikrere og bedre løsning, mer informasjon kommer snart!

Den private innboksen i portalen forsvinner i løpet av kort tid. Varsel om dette ble lagt ut på meldingssiden 11. juni 2019.

Møre og Romsdal legeforening

Lokalforening

2011

Høyringssvar, utkast til policydokument om mødrehelse

Møre og Romsdal legeforening har handsama saka i styremøte 26.04.11.
15. juni 2012

Vi kunne kanskje tenke oss at tittel på policynotatet vart endra til internasjonal mødrehelse, då dokumentet ikkje går inn i den pågåande norske debatten om kvlitet på og organisering av svangerskapsomsorg og fødetilbod.

Det er gledeleg at Dnlf sett fokus på denne viktige saka. Mødrehelse må sjåast i samanheng med millenniumsmål nr 2; Sikre grunnskule for alle born, samt  nr 3; fremme likestilling generelt og styrke kvinner si stilling spesielt.

Kvinner med utdanning får høgare status, og får større kontroll over eigen kropp. Døme som kjønnslemlesting og dårleg ernærte jenter som vert gravide vil minskast om kvinnene er meir verdsette; desse kvinnene er òg meir utsette for lange fødslar og blødning.

Familieplanlegging må være eit hovudpunkt; kvinner og menn må få kunnskap om og tilgong til prevensjon.

Noreg må arbeide for at kvinner får tilgong til trygg abort.

Medikamentet misoprostol (Cytotec), er i Noreg og andre land nytta som middel mot postpartum/postabort blødningar. Preparatet er billig, men er forbudt i mange land fordi det kan indusere abort. Noreg bør arbeide for at medikamentet vert tillatt og kjent.

Utdanning av helsepersonnell tek tid. Dnlf kan sjølv bidra ved å jobbe for at teneste i utlandet tel med i spesialisering; norske fødselshjelparar kan slik drive kunnskapsutvekslling.