Høyring om policydokument om arbeidstid

Syner til brev datert 090811.

Styret i Møre og Romsdal legeforening har handsama saka per epost.

Vi seier oss samde i at problema knytt til rigide reglar for arbeidstid i stor grad er løyst for sjukehuslegane. Med erfaringa frå lokale forhandlinger er det ikkje sikkert det er til gunst for sjukehuslegane som kollektiv at ein opner for lokale avtalar om arbeidstid. Samstundes er det viktig at ein fleire får faktiske reglar for arbeidstid; at ein ikkje «automatisk er unntatt arbeidstidsbestemmelsene».

Vi er samde i at det kan vere tenleg med eit omgrep “Samlet arbeidstid” for  personar med totallønnsavtale, slik at det også der er granser for arbeidsplikta. Det bør likevel vere klart at dette inneheld ein komponent av ordinær arbeidstid og overtid slik at det ikkje blir slik at akademikarar ikkje har rett til å kunne arbeide innafor ordinære rammer.

Vi synes 12 månader høyres svært lenge ut som periode for gjennomsnittsberekning. Det kan medføre urimeleg harde arbeidsbelastningar over svært lang tid.

Vi legeforeninga sentral særleg vurdere desse punkta, og foreslår elles at ein slutter seg til dokumentet, men legg til at for helseføretak bør det framleis være sentral semje om arbeidstidreglar.