Bedre og sikrere innlogging på nettsidene til Legeforeningen!

Innlogging på Legeforeningens nettsider vil erstattes med en sikrere og bedre løsning, mer informasjon kommer snart!

Den private innboksen i portalen forsvinner i løpet av kort tid. Varsel om dette ble lagt ut på meldingssiden 11. juni 2019.

Møre og Romsdal legeforening

Lokalforening

2010

Samkommunemodellen – høyringsuttale

Styret i Møre og Romsdal legeforening har handsama saka i møte 16/6 2010, og vil uttale:
14. juni 2012

Dei fleste norske kommuner er små. Dette medfører fordelar når det gjeld avstand mellom politikarar, administrasjon og innbyggarar og kan skape gode oversiktelege samarbeidsforhold i basale tenester som legetilbod, sjukeheim, heimetenester, grunnskule mm.

 

Kommunene har fått stadig større og viktigare oppgåver, og det er etter kvart fleire oppgåver ei gjennomsnittleg norsk kommune har vanskar med å greie på eiga hand: legevakt, PPT-kontor, renovasjon, brannvern er  nokre dømer blant mange. Løysinga på dette er interkommunalt samarbeid.

 

Interkommunalt samarbeid inneber store problem. Initiativ, utgreiing og beslutning inneber svært krvande prosessar som involverer mange fagfolk og politikarar frå dei potensielle samarbeidskommunene. Ein må få identiske vedtak i samarbeidskommunene. Eit knapt negativt fleirtal i ei kommune kan velte tiltak som det elles er stort fleirtal for i resten av samarbeidskommunene. Det blir i realiteten svært vanskeleg å påvirke eit utgreiingsresultat politisk. Når først tiltaket er vedteke, lever det som regel sitt eige liv uavhengig av ressurstilgang og endra prioriteringar i samarbeidskommunene, fordi prosessane ved endring er så tunge.

 

Slik blir lokaldemokratiet sterkt svekka av eit system der mange viktige arbeidsoppgåver for kommunane må løysast ved interkommunalt samarbeid.

 

Samkommuner er tenkt å bedre noke av denne problemstillinga ved at det blir etablert overkommunale politiske organ med eigne budsjettvedtak og eigen administrasjon. Valget til desse organa blir indirekte. Også for desse samkommunene blir det i realiteten vanskeleg for deltakarkommuner å påvirke ressursbruk direkte. Sjølv om løyvingane til samkommunen vert vedteke av det einskilde kommunestyre, blir ein reellt sett avhengig av lik ressurstilførsel frå deltakarkommunene ut frå inngåtte avtalar – som for andre interkommunale samarbeidsordningar.

 

Slik blir også samkommuner også eit uttrykk for at det ikkje er politisk vilje til å gjere noke med grunnproblemet – misforholdet mellom kommunestorleik og dei oppgåvene kommunane har fått ansvaret for.  Legeforeninga bør først og fremst peike på dette misforholdet – og ikkje på kvasiløysingar som helsekommuner, samkommuner og interkommunalt samarbeid.