Høyringsuttale til «Forslag til helhetlig plan for svangerskap, fødsel og barselomsorg i Helse Midt-norge 2011-2014»

Styret i Møre og Romsdal Legeforening har handsama saka i styremøtet 12.10.10, og ynskjer å komme med følgande innspil:

Det er lovande at ein ynskjer å sjå omsorga for den mor og barn i denne perioden under eitt. Styret ynskjer å påpeike at 1. svangerskapskontroll bør skje hos fastlegen, då denne best kan ta omsyn til komorbiditet og tidligare sjukehistorie. Av same grunn bør fastlegen være den som tek 6.vekers kontrollen; det er fastlegen som skal følge kvinna og antakelig òg barnet vidare i livet.

 

Dessverre har ein ikkje tatt stilling til kvar kvinnene skal føde. Dette er avgjerande for mange andre moment i planen, som t.d.behovet for jordmorberedskap og følgeteneste i distrikta.  Styret finn det heilt naturleg at det fortsatt skal vere kvinneklinikk i Ålesund der ein skal forløyse alt ned til veke 24. Ein bygger også her ny barneavdeling med neonatalintensiv. Vi finn det ikkje akseptabelt at alle  «raude» damer vert forløyst ved St Olavs hospital? Etter framlegget til faglege retningsliner, vil dette krevje styrking av bemanninga i Ålesund, og vi ser problem med å få nok ressursar, og da særleg gynekologspesialistar, til å oppretthalde faglege standarder ved alle dei andre fødeavdelingane i fylket. Dette spørsmålet må avklarast. Det er viktig både for sjukehuslegane som evt vel å arbeide ved desse sjukehusa, for fastlegane som må vete kva sjukehus dei skal forholde seg til i planleggingsprosessen, og for kvinna og familien som må bu seg på kvar ho skal reise. For riskofødande er dette særskilt viktig; ei kvinne som risikerer langt sjukehusopphald i forkant av fødselen, og mogelegvis langt opphald med barn på neonatalintensiv, må kunne planlegge i samråd med familien korleis dette skal gjennomførast. Dette gjeld òg forslaget om at kvinner med lang reiseveg skal leggast inn 2 veker før forventa termin; kva innverknad har dette på far og andre barn som er heime, og kanskje ikkje får mor heim på 4 veker?

 

Frå kommunene ser ein at ein legg samhandlingsreformen til grunn, utan at kommunana har fått tid eller ressursar til å områ seg til den nye kvardagen. Dette gjeld tidlegare utskriving frå barsel etter fødsel og urealistiske forventningar om heimebesøk hjå barselskvinnene innan 48 timar etter utreise frå sjukehuset.

 

I det heile treng ein ein nasjonal fødeplan som sikrar fagleg god omsorg for mor og barn. Denne omsorga må byggast på faglege grunnlag.