Landsstyresak – Forslag om endrede spesialistregler i generell kirurgi – høyringsuttale

I utgreiinga om spesialiststrukturen var det semje om at spesialiteten i generell kirurgi i si noverande form, ikkje var levedyktig. Den burde endrast til ei grunnleggande utdanning i kirurgisk teknikk og den kompetanse som trengs for å kunne ivareta generell kirurgisk vakt på sjukehus utan seksjonerte kirurgiske vaktskikt. Ein rekner med at dei aller fleste kirurgar som subspesialisere seg og at nesten ingen vil bli spesialistar i berre generell kirurgi.

I arbeidet med å konkretisere nye spesialistreglar etter dette prinsippet, er det oppstått ei usemje mellom norsk kirurgisk forening og spesialistkomiteen i generell kirurgi. Norsk kirurgisk foreining meiner at ut frå dette kan ein like godt fjerne generell kirurgi som hovedspesialitetet, omgjere subspesialitetane til hovedspesialitetar og i staden innføre ei felles vaktkompetanseblokk  på 3 år i alle desse nye hovedspesialitetane. Spesialitetskomiteen vil behalde  hovedspesialiteten men la inntil 2,5 år bli erstatta av subspesialitetsutdanning slik at det gjenstår berre 3,5 år obligatorisk felles kjerneutdanning.

Ein kunne sjå det slik at realitetane i desse utdanningsløpa ikkje er så forskjellige når ein rekner med at alle kirurgar vil subspesialisere seg. I Møre og Romsdal legeforening vil vi likevel støtte spesialitetskomiteen sitt syn. Det vil vere ei ordning som i mykje sterkare grad vil sikre felleskunnskapen og felles vaktkompetanse mot framtidige angrep frå subspesialistmiljøa. Vi finn det rettare at eit slikt felles løp blir handtert av ein eigen spesialitetskomite i generell kirurgi enn å bli ei sak for den einskilde subspesialitetskomite. Dersom vi skal kunne oppretthalde ein desentralisert kirurgisk beredskap i eit land som vårt, er det er svært stort behov for ei slik kirurgisk felleskompetanse.