Landsstyresak – Forslag om å opprette ny spesialitet i rus- og avhengighetsmedisin – høyringsuttale

Vestnes 18/2 09
I samband med høyringa til utgreiinga om spesialistutdanninga av legar, uttalte Møre og Romsdal legeforening følgande:

 Rusmedisin er i Norge etablert som ei eiga spesialisthelseteneste, men utan spesialistar i faget. Fagområdet er dominert av yrkesgrupper utan legeutdanning, samtidig som pasientane har betydelege medisinske problem. Det pågår ein omfattande internasjonal og nasjonal forskningsinnsats på området, men kanalane frå forsking til implementering i praksis er for dårlege. Det er viktig å sikre at ei spesialisthelseteneste er basert på medisinsk kompetanse. Det kunne drøftast om heile fagområdet skulle vore integrert i psykiatrien som truleg er den spesialiteten som har best kompetanse i dei behandlingsteknikkane som er virksomme mot sjølve misbruksproblematikken. Mange rusavhengige har også tilgrunnliggande psykiatrisk sjukdom.

Vi har konkludert med å støtte arbeidsgruppa sitt framlegg om eigen spesialitet i rusmedisin. Dersom dette ikkje når fram denne gangen heller, bør legeforeningen arbeide for å gjere rusmedisin til ein obligatorisk del av psykiatriutdanninga og for å integrere rusbehandling i den psykiatriske helsetenesta.

 I samsvar med dette, støtter vi også det konkrete framlegget om oppretting av spesialiteten. Vi er samd i framlegget til spesialistreglar og synes det er særleg viktig at psykiatri blir obligatorisk sideutdanning i faget.