Bedre og sikrere innlogging på nettsidene til Legeforeningen!

Innlogging på Legeforeningens nettsider vil erstattes med en sikrere og bedre løsning, mer informasjon kommer snart!

Den private innboksen i portalen forsvinner i løpet av kort tid. Varsel om dette ble lagt ut på meldingssiden 11. juni 2019.

Møre og Romsdal legeforening

Lokalforening

2009

Kravspesifikasjon for private rehabiliteringsinstitusjonar

14. juni 2012

Til Helse Midt-Norge

Vi drøfta dette spørsmålet i styret i Møre og Romsdal legeforening 18/2 09. Vi kjenner ikkje til andre fora som kan uttale seg på vegne av allmennlegane i fylket.

Vurdering av volumet krev grundigare kartlegging enn det vi kan utføre. Vi har eit generelt inntrykk av at dagens tilbod dekker behovet nokelunde, men kapasiteten bør ikkje reduserast. Mange pasientar frå vårt fylke har nytte rehabiliteringsinstitusjonar i andre delar av landet, særleg Skogli. Det er eit inntrykk at det er vanskelegare å få plass der no. Dette vil kunne auke presset på våre institusjonar.

Pasientar med tunge pleiebehov bør få behandling i helseforetaket sine avdelingar (fysikalsk medisin eller Mork) eller i heimkommunen sine sjukeheimar. Dei private rehabiliteringsinstitusjonane bør likevel ha sjukepleiebemanning som kan hjelpe til med enkel personleg hygiene og observere og varsle om forverringar i pasienten sin medisinske tilstand. Det bør vere sjukepleiar tilgjengeleg på institusjonen eller som bakvakt på døgnbasis.

Institusjonen bør ha tilgang på psykiatrisk sjukepleiekompetanse ved behov.

Institusjonen må ha lege som har god nok tid til å følge opp pasientane under oppholdet og skrive gode epikriser. Legen bør vere spesialist i allmennmedisin. Det må vere ordningar som gjer det mogleg for legen å konsultere spesialistar i andre relevante spesialitetar som fysikalsk medisin, ortopedi og nevrologi ved behov.

Institusjonane må ha eit omfattande tilbod frå fysioterapeutar og ergoterapi. Dei bør tilby både kurs og individuell rådgiving innafor smertemestring og å leve med funksjonshemming. Opphald med sikte på yrkesmessig utprøving og rehabilitering vil også vere aktuelle. Ut frå dette treng institusjonane tilgang på sosionomkompetanse og arbeidsrådgivarar, men ikkje nødvendigvis i eige tilsett personell.

Institusjonane må lage individuelle målsettingar for det einskilde pasientopphaldet, vurdere resultatet i forhold til målsettingane og kunne rapportere om grad av måloppnåing.  Institusjonen må også lage planar for oppfølging av pasientane etter utskriving.

Desse institusjonane vil ikkje vere godkjente utdanningsinstitusjonar for legar. Det er sjølvsagt bra om dei kan ta del i forskningsprosjekt, men det bør neppe stillast som krav.

22/2 2009