Individ og integritet – høyringsuttale

Legeforeningen har fått til høyring ein NOU om personvern der organisasjonsledda har fått ein intern høyringsfrist til 22.mai 2009. Styret i Møre og Romsdal legeforening har handsama høyringa i møte 29. april.

Helsesektoren har to motstridande behov

-       teieplikta tilseier sterk kontroll med tilgang til journalopplysingar

-       omsyn til forsvarleg behandling tilseier lett tilgang til nødvendige journalopplysingar for alle som har medansvar for behandling av pasienten.

Ein kan tenke seg to ytterpunkt:

-       Berre den legen som har skreve eit journalnotat, har tilgang til journalen. Alle andre må spørje pasienten først.

-       Ein felles elektronisk journal som alle helsearbeidarar i Noreg har tilgang til, etter kvart alle helsearbeidarar i Europa i eit EU-samarbeid.

Ingen av desse alternativa er akseptable. I det første tilfelle vil ikkje andre legar som tar del i behandlinga ha tilgang til nødvendig informasjon. I det andre tilfelle vil kontrollen over tilgang til opplysinga vere pulverisert og i praksis vil journalopplysingar vere allemannseie. Men det hindrer ikkje at helseministeren for kort tid sidan har gjort seg til talsmann for det siste alternativet, og at det blir presentert som ein visjon i EU-dokument at ambulansearbeidarar i Frankrike skal få tak i viktig journalinformasjon om norske turistar som fell om på gata i Paris.

I utgreiinga er det presentert eit alternativ at sjukehusjournalane blir opplåst ei veke før innlegginga og stengt to veker etter utskriving. Det er ikkje eit godt alternativ. Det kan vere gyldig behov for tilgang til journalane i samband med konsultasjon mellom fastlege og sjukehuskollega både om forhold rundt siste innlegging, men også behov for tilgang til denne informasjonen ved drøfting av nye forhold.

Vi kunne tenke oss følgande prinsipp:

Alle opplysingar er ikkje like kjenslege. Alle elektroniske journalar bør ha muligheit for ein ”safe” der spesielt kjensleg informasjon kan låsast inne og der berre journalskrivande lege og pasienten kan samtykke i opning av opplysingane. Det kan kanskje særleg vere aktuelt i allmennpraksis og i psykiatri.

Kvar institusjon må sjølv ha ansvaret for tilgangskontrollen på eigne journalar. Utveksling av informasjon mellom institusjonar (inklusive fastlegelegekontor, spesialistpraksisar og sjukehus), skal skje ved kontrollerte meldingar (henvisningar, epikriser) og ikkje ved direkte tilgang til journalen.

Der må vere loggsystem over kven som har vore inne i journalane. Det må førast tilsyn med loggane og pasientane må ha rett til å få sjå desse loggane for sin journal.

For store institusjonar kan det vere naudsynt å avgrense tilgangen til journalen til å gjelde personell frå den avdelinga som behandlar pasienten, men slik adgangskontroll må kunne overstyrast når personell frå andre avdelingar tar del i behandlinga av pasienten. Slik overstyring må vere enkel og ubyråkratisk så den lett kan utførast i akuttsituasjonar, men samtidig kan ein tenke seg at slik overstyring utløyser ein ”alarm” hos ein tryggleiksansvarleg som i ettertid kan kontrollere at tilgangen var naudsynt.

”Snoking” i datajournalar av personell utan behandlingsansvar må medføre reaksjonar.

Vi kan tenke oss etablering av ein felles elektronisk datajournal for Noreg der medisinlister og epikriser kan lastast opp med pasienten sitt uttrykkelege samtykke, og der registrert helsepersonell og pasienten sjølv har tilgang, men vi ser store problem med påliteleg vedlikehald av ein slik felles journal. Ein må gjerne utvikle ein elektronisk journal som pasienten sjølv har med seg i eit høveleg format, men dette kan ikkje erstatte den einskilde intitusjon sitt eige journalansvar.

Av andre spørsmål som er tatt opp i utgreiinga, vil vi uttale oss:

Vi er svært samd i behovet for fortrulege samtalar mellom lege og pasient på sjukehus. Det er ikkje tilfredsstillande med slike samtalar i påhør av medpasientar på rommet. Tilhøva må leggast til rette for samtalerom på sjukehusavdelingane.

IPLOS er ei skandale. Utan brukarmedvirkning og utan omsyn til konfidensialitet er det laga eit arbeidskrevjande system for registrering av svært detaljert informasjon om den einskilde klient i omsorgstenestene. Dette er tenkt nytta til styringsinformasjon og etter kvart ressurstildeling. Systemet burde ikkje vore starta opp og det bør avviklast eller sterkt forenklast.