Høring - Landsstyresak - Lovendring – forslag om endring av § 3-6-4, 6. ledd – høyringsuttale

Ein har alltid arbeidd for å sikre representasjonen av legar i spesialisering i legeforeningen sine organ. Også i dei fagmedisinske avdelingane har legar i spesialisering ein viktig plass som også bør avspegle seg i representasjonen i styrande organ både i den einskilde foreining og i landsstyret. Dette går fram av gjeldande lover

§ 3-6-4, 6. ledd:

(6) Landsstyrerepresentantene for de fagmedisinske foreningene skal velges slik at spesialister og leger i spesialisering er representert på en måte som gjenspeiler medlemsmassen i foreningene.

Denne paragrafen viste seg ved førre val ikkje spesifikk nok til å sikre forholdsmessig representasjon. Det er derfor foreslått ei lovendring med meir detaljerte reglar som skal sikre dette. Lovendringa virker fornuftig og gjennomførbar og Møre og Romsdal legeforening vil støtte denne.