Bedre og sikrere innlogging på nettsidene til Legeforeningen!

Innlogging på Legeforeningens nettsider vil erstattes med en sikrere og bedre løsning, mer informasjon kommer snart!

Den private innboksen i portalen forsvinner i løpet av kort tid. Varsel om dette ble lagt ut på meldingssiden 11. juni 2019.

Møre og Romsdal legeforening

Lokalforening

2009

Høring - forslag om endring av helsepersonelloven § 53 om spesialistgodkjenning av helsepersonell

Møre og Romsdal har handsama denne saka i mailrunde, og vil uttale:
14. juni 2012

Legeforeningen sitt arbeid med spesialistutdanninga har vore og er svært viktig for kvaliteten på legetenester i Noreg. Arbeidet har vore utført med stor innsats både frivillig og med bruk av legeforeningen sine økonomiske ressursar. Det har aldri vore grunn til å rette kritikk mot den måten arbeidet er blitt utført på. Dersom legeforeningen sin innsats på dette området skulle falle bort, vil det vere til stor skade for helsetenesta i Noreg.

Det er ikkje satt fram kritikk mot legeforeningen si handsaming av det delegerte myndet i høyringsnotatet departementet har sendt ut, snarare tvert imot. Det er derfor svært vanskeleg å forstå den eigentlege grunngjevinga for forslaget. Der er antydningar om behov for endra spesialiststruktur ut frå strukturen i helsetenesta og behovet til lokalsjukehusa. Legeforeningen har i alt sitt arbeid med spesialiststrukturen hatt eit fokus på dette. Det er antyda eit samarbeid mellom regionale helseforetak og universiteta om spesialitetar tilpassa lokale behov. I eit land med berre 4,7 millionar innbyggarar vil det vere svært uheldig å innføre spesialitetar som berre er gangbare i ein region. Vi må ha ein nasjonal spesialitetsstruktur.

Det er argumentert med prinsipielle grunnar. Det kan ein til ei viss utstrekning forstå ut frå at alle dei andre nordiske landa har statleg spesialistgodkjenning og berre eit par andre europeiske land har spesialistgodkjenning ved yrkesforening. Vi synes likevel det er underleg å skulle endre noko som fungerer godt, berre ut frå ”prinsipielle grunnar”. Vi er også djupt bekymra over at framlegget ikkje greier ut korleis ein ønskjer å organisere spesialistgodkjenninga i framtida. Det kan gi frykt for at ein vil få ei organisering som bidrar til å senke kvaliteten.

Det sentrale for legeforeningen treng ikkje vere kven sitt logo og stempel som står på sjølve godkjenninga. Det sentrale er å framleis kunne ha ei sterk rolle og stor innflytelse i utforming av spesialistreglar (det er også no departementet som endeleg godkjenner nye reglar), utdanningstilbod og delta aktivt i vurdering og godkjenning av utdanningsstader. Dersom den prinsipielle sida om at staten skal underskrive godkjenningane synes helt fastlåst, så må hovedinnsatsen i denne saka konsentrerast om å sikre eit regelverk som gir legeforeningen reell innflytelse i desse spørsmåla i framtida.