Bedre og sikrere innlogging på nettsidene til Legeforeningen!

Innlogging på Legeforeningens nettsider vil erstattes med en sikrere og bedre løsning, mer informasjon kommer snart!

Den private innboksen i portalen forsvinner i løpet av kort tid. Varsel om dette ble lagt ut på meldingssiden 11. juni 2019.

Møre og Romsdal legeforening

Lokalforening

2009

Faglige og organisatoriske krav til legevakt

Styret handsama planen i møte 2. april 2009.
Møre og Romsdal legeforening vil gi sterk støtte til denne planen som inneber ei opprustning av legevaktstenesten.
14. juni 2012

Det er naudsynt å gi legevaktarbeid ei klar kvalitetsheving, for å betre tilgjengelighet for publikum, auke tilgjengelege ressursar for legen, styrke leges og medarbeidars sikkerhet på vakt og  forbetre samhandlinga mellom dei ulike nivå i helsetenesten.

Det er viktig å etablere robuste strukturar, både når det gjeld bemanning, opplæring og kompetanse, kvalitetssikring, kommunikasjon og utstyr. Dette bør m.a. bety at ein som lege aldri skal vere nøydd å arbeide aleine på vakt men ha tilgang til hjelpepersonell. Det er ein fordel med samlokalisering av legevakttelefon og mottak, særleg ved store fellesordningar.

Dette tilseier at ein må ha større legevaktseiningar enn i dag. Samstundes må ein forsøke å ta vare på noko av styrken i dei mindre einingane som  fungerer godt. Kombinasjonen av lokal kunnskap og relativt små avstandar vil og vere viktig vidare, og tilseier at ein f. eks på ettermiddagstid og tidleg kveldstid kan ha mindre einingar som organisatorisk kan vere underlagt ei større eining. På seinkveld og natt kan så alle henvendelsar sentraliserast.

Ved behov for bakvakter i distrikt med lang avstand til vakthavande lege, må det lagast ordningar som gir god økonomisk kompensasjon, då slik vaktteneste i praksis vil gi svært sjeldan utrykning

Vidare er det viktig at det er allmennlegar som i hovudsak skal drive legevaktsarbeid. Det må utarbeidast lokale rutiner for tidleg varsling av vakthavande legevaktslege frå AMK i akuttsituasjonar der desse bør delta, sjølv om andre ressursar også blir varsla. Det er viktig at deltakande legar får tilbod om og deltek på kurs og øvingar saman med samarbeidande instansar.

Det må etablerast system som gjer det lettare for dei som vender seg til legevakta å få rask time hos fastlege neste dag, og vidare må det vere mogleg å få raske vurderingar frå spesialist- helsetenesta  på problem som kanskje kan vente i 1-2 dagar, men ikkje i to veker.

God dokumentasjon må også sikrast ved at helsenettet gir mulighet for rask utsending av notat til fastlege.