Kandidatar til Rådet for legeetikk

Styret i Møre og Romsdal legeforening vil foreslå Lars Tore Nerbøvik som nytt medlem. Han er allmennlege i Ørskog kommune, nestleiar i Møre og Romsdal legeforening og har vist interesse for og god innsikt i etiske problemstillingar. Han er villig til å ta på seg vervet.

Gjennom ei svært god  prøveforelesing for den medisinske doktorgrad omkring etiske problemstillingar ved gynekologisk ultralyd, har overlege ved St.Olavs hospital Kristin Offerdal vist etisk kompetanse og god resonnerings- og framstillingsevne. Ho er ein kandidat som bør vurderast, men vi har ikkje spurt henne om ho er villig.