Bedre og sikrere innlogging på nettsidene til Legeforeningen!

Innlogging på Legeforeningens nettsider vil erstattes med en sikrere og bedre løsning, mer informasjon kommer snart!

Den private innboksen i portalen forsvinner i løpet av kort tid. Varsel om dette ble lagt ut på meldingssiden 11. juni 2019.

Møre og Romsdal legeforening

Lokalforening

2008

Høyringsuttale om Forslag om endrede spesialistregler i ortopedisk kirurgi

Dato: 15/3 2008
I eit fylke med vanskelege kommunikasjonar og fleire små sjukehus, har oppsplittinga av ortopedi og generell kirurgi vore eit sårt punkt for oss. Vi ser at eit godt lokalsjukehus treng vaktkompetanse både i akutt ortopedi (særleg skader) og kirurgi. For ikkje mange år sidan hadde vi ved våre små lokalsjukehus røynde kirurgar som greidde gi eit godt vakttilbod innafor begge områda.
14. juni 2012

Vi innser at dette ikkje lenger er tilfelle. Den obligatoriske sideutdanninga i generell kirurgi for ortopedar gir ikkje god nok kompetanse i seg sjølv til å gå vakter i faget. Det er vanskeleg for ortopedar å få denne sideutdanninga. Sideutdanninga vert ikkje kravd i andre land i EØS-området som vi har gjensidig spesialistgodkjenning med. Vi er kome i den paradoksale situasjon at fleirtalet ortopedar utdanna i Norge sender sine papir til Island, får si godkjenning der uten sideutdanning i generell kirurgi, og så automatisk konvertering til norsk godkjenning etterpå.

Vi er likevel usikre på om det er rett å fjerne kravet til generell kirurgi heilt frå spesialistreglane. Vi trur basal opplæring i generell kirurgi kan gi bedre kompetanse i god bløtdelshandtering i samband med ortopediske inngrep, bedre kompetanse i handtering av t.d. blødningskomplikasjonar, bedre gjensidig forståelse som grunnlag for samhandling rundt felles pasientar (t.d. traumer) og bedre grunnlag for differensialdiagnostisk tenkning.

Vi vil derfor rå til at ein held fast ved eit krav om sideutdanning i generell kirurgi, men at dette kan reduserast til 1 år.