Godkjenning som lege i Norge

Høyringsuttale handsama av styret i Møre og Romsdal legeforening 20/2 08

 Vi slutter oss til hovedinnhaldet i rapporten. Vi vil understreke at turnusteneste framleis må vere basis for autorisasjon som lege i Norge og at ein må arbeide for å sikre dette vidare framover. Dersom ein skal vurdere å reservere turnustenesta for medisinarar utdanna i Norge, må ein ikkje gi dette tilbakevirkande kraft for dei som har starta utdanninga i utlandet i tiltru til gjeldande reglar. 

Vi vil slutte oss til utvalget sin konklusjon om at turnuslisens berre gir rett til å delta i legevakt etter oppstart av turnus i primærhelsetenesta.

For legar i klinisk arbeid er det heilt naudsynt med språkkunnskaper som gjer det mogleg å kommunisere adekvat med norske pasientar. Røynslene har vist at dagens system der dette er eit arbeidsgivaransvar, ikkje fungerer tilfredsstillande. Det bør derfor innførast ei statleg språkprøve og sertifiseringsordning for framandspråklege legar som søker kliniske legestillinmgar i Norge.