Bedre og sikrere innlogging på nettsidene til Legeforeningen!

Innlogging på Legeforeningens nettsider vil erstattes med en sikrere og bedre løsning, mer informasjon kommer snart!

Den private innboksen i portalen forsvinner i løpet av kort tid. Varsel om dette ble lagt ut på meldingssiden 11. juni 2019.

Møre og Romsdal legeforening

Lokalforening

2008

Fordeling av inntekter mellom regionale helseforetak

Uttale frå styret i Møre og Romsdal legeforening 20/2 08
Likeverdige helsetenester for alle innbyggarar i landet er eit sentralt helsepolitisk mål som er viktig for oss. Bor ein i eit spreidtbygd strøk, må ein akseptere lenger reisetid til helsetenester, men det er ikkje akseptabelt at visse sjukdommar skal ha lenger ventelister eller at visse behandlingsformer ikkje skal vere tilgjengeleg avhengig av kvar ein bor i landet.
14. juni 2012

Både Hagenutvalet og no Magnussenutvalet har dokumentert at institusjonshelsetenesta i Midt-Norge har fått mindre basisbevilgningingar enn det ei rettferdig fordeling mellom regionane skulle tilseie. Dette har gjort det vanskelegare å yte likeverdig helseteneste til innbyggarane i vår region. Det er truleg ikkje rett å kompensere for den manglande helsetenestene innbyggarane i vår region har fått på grunn av underfinansiering, men det nye finansieringssystemet for sjukehusa bringer underskot vidare som gjeld og belaster framtidige driftsbudsjett med renter og avdrag. Dette medfører at etterslep og skeivfordeling i bevilgningane også vil ha konsekvens for åra som kjem. Det må derfor også korrigerast for dei følger skeivfordelinga har fått for gjeldsoppbygginga i regionen. Vi forventer at det blir korrigert for dette i overføringane og at det blir korrigert raskt. Det må takast omsyn til Magnussenutvalget sine konklusjonar alt i revidert nasjonalbudsjett i år.

Vi forventer at  Legeforeninga i sin sentrale uttale støtter oss i korreksjonen av inntektsfordelinga. Det betyr ikkje at vi mangler forståing for den situasjonen Helse Sør-Øst står i no med innsparingar og store omleggingar. Dersom det ikkje er mogleg å oppnå ei rettferdig fordeling gjennom omfordeling, så må ein heller krevje auke dei totale rammene.

Magnussenutvalget tar ikkje stilling til den meir grunnleggande innretninga av inntektssystemet, men vi føler behov for å peike på særskilte problem med finansiering av investeringar som kan ha ført til ytterlegare problem for vår region. Ved overgangen til helseforetak var det ei forutsetning at desse skulle følge regnskapslova, men det gjekk urimeleg lang tid før staten tok stilling til åpningsbalansen, egenkapitalen, verdien av utstyr og bygningar. Da ein endeleg tok stilling til dette, vart åpningsbalansen satt for lavt i forhold til den reelle verdien, slik at det svekka grunnlaget for avskrivningar som kunne dekke heilt naudsynte fornyingsbehov for bygningar og utstyr. Men samtidig vart det ikkje gitt nok kompensasjon for å dekke nødvendige regnskapsmessige avskrivingar for den åpningsbalansen som vart fastsett. Dette har medført at avskrivingar har blitt ei belastning for driftsbudsjetta.

Vi vil reise spørsmålet om regnskapslova er eit tenleg verktøy for å dekke dei store investeringane som nybygging av sjukehus som St. Olavs hospital og Molde sjukehus inneber. Visse store prosjekt må løftast opp på eit nasjonalt plan og godkjennast og finansierast der for at ikkje belastninga på drifta i relativt små regionar som vår skal bli så stor at det går ut over tenestetilbodet til innbyggarane.

Vedteke i Styret i Møre og Romsdal legeforening 20/2 2008