Endringar i arbeidsmiljølova – høyringsuttale

Styret i Møre og Romsdal legeforening drøfta saka i møte 12/12 08, og vil uttale:
 
Skift og turnus

Sekretariatet skriv at legar er dagarbeidstakarar som ikkje arbeider skift eller turnus og at dette framlegget derfor ikkje vedkjem legar direkte. Men slik saka elles er framstilt, så kan det virke som alt ordinært arbeid på søndag eller natt vert omfatta av det nye framlegget om utvida arbeidstid. Særleg legar i spesialisering har ofte ordinært arbeid på søndagar i sin arbeidsplan som aktivt arbeid. Det synes litt uklart om dette framlegget vil påvirke legane si stilling som dagarbeidarar. Det er også ei viss uro om dette framlegget vil redusere den tid legar i  spesialisering vil få i ordinær dagarbeidstid i veka – ei arbeidstid som er naudsynt for å få nødvendige prosedyrer og klinisk erfaring.

Aldersgrense

Styret synes det er rett at legar må få høve til å arbeide etter fylte 70 år når dei fortsatt har kompetanse og ferdigheit til dette. Slike legar utgjer ein stor erfarings- og kunnskapsressurs som helsetenesta ikkje automatisk må kaste vrak på. Legar som ikkje lenger er kompetente til arbeidet sitt kan finnast i alle aldrar. Ein bør ha andre mekanismer enn ei tilfeldig aldersgrense for å finne dei og eventuelt hjelpe dei ut av yrket, sjølv om vi erkjenner at dette kan vere vanskeleg. Samtidig er det viktig å finne gode ordningar for seniorpolitikk slik at ein kan få tilpassa arbeidstid og oppgåver, og ein må finne ordningar som gjer at dette ikkje hindrar naudsynt rekruttering og forynging i staben.

Tilsvarande bør det vere utvida høve til å arbeide også i fastlegepraksis og som avtalespesialist etter fylte 70 år. Kravet om å forlate ein delelistepraksis ved 67 år bør endrast.    

Alenearbeid

Det kan vere vanskeleg med eit absolutt forbod mot alt aleinearbeid. Det kan vere både nødvendig og trygt for legar å kunne reise aleine i sjukebesøk til pasientar. Vi må likevel understreke faremomenta for allmennlegar i legevakt med narkotika i kofferten og med pasientar som kan vere rusa, valdelege og psykisk ustabile. Svært mange stader er det praktisk uråd for legen å sikre seg assistanse i potensielt farlege situasjonar. All legevakt bør organiserast slik at legar i prinsippet ikkje er aleine på legevaktstasjonen og slik at legen er sikra assistanse ved behov ved sjukebesøk.

Opplæring av medlemmer i arbeidsmiljøutvalg

Vi har konkrete døme på at medlemmer i arbeidsmiljøutvalg ikkje i det heile får opplæring innafor dagens regelverk. Vi ser det naudsynt å få tilbake eit lovfesta minstekrav til opplæring.

Overtredelsesgebyr

Vi er samde i at det bør vere høve for arbeidstilsynet å ilegge overtredelsesgebyr som ein administrativ sanksjon, og trur ikkje sekretariatet si vurdering av at dette vil vere lite aktuelt overfor sjukehus og kommuner er rett. Brot på arbeidsmiljølovgivinga og uforsvarleg arbeidsmiljø er dessverre mykje meir vanleg innafor helsesektoren enn det burde vere.