Bedre og sikrere innlogging på nettsidene til Legeforeningen!

Innlogging på Legeforeningens nettsider vil erstattes med en sikrere og bedre løsning, mer informasjon kommer snart!

Den private innboksen i portalen forsvinner i løpet av kort tid. Varsel om dette ble lagt ut på meldingssiden 11. juni 2019.

Møre og Romsdal legeforening

Lokalforening

2007

Høyringsuttale til strateginotat ”Vedrørende fremtiden for avtalespesialister”

Utkastet til strateginotat har vore drøfta av styret i Møre og Romsdal legeforening 26/9 07 og vi vil kome med følgjande uttale:
14. juni 2012

Først eit par rettingar:

  • Overskrifta til tabellen Årsverk leger i Norge, må vere feil. Allmennlegar manglar heilt så det skal truleg vere Årsverk leger i spesialisthelsetjenestene i Norge.
  • Tabellen Andel poliklinisk aktivitet (inkl dagkirurgi) dekker delvis over etterfølgjande tekst og tabell og inneheld Helsereg Vest 2 ganger og ikkje Helsereg Midt.

Notatet er elles full av statistikk og plansjar med sammenligningar ein bør vere litt forsiktig med å trekke for langt. Avtalespesialistar har høgt aktivitetsnivå og er effektive, men sammenligning med sjukehuslegar generelt og aktivitet på sjukehuspoliklinikkar vil lett halte på grunn av sjukehusa sitt ansvar for inneliggande pasientar som blir stadig eldre og meir behandlingstrengande, ansvar for øyeblikkelig hjelp og ansvar for opplæring av nye spesialistar.

Generelt synes vi strateginotatet bør legge meir vekt og vere tydelegare på kva problem vi står overfor og kva målsetting vi har og bruke noko mindre plass på dokumentasjon.

Vi ser på avtalespesialistane som ein verdifull og kostnadseffektiv ressurs som er eit godt supplement til spesialisthelsetenesta knytta til foretaka. For pasientane er ein av fordelane med avtalespesialistane at ein veit kva spesialist ein vil møte. Ein må ta vare på og vidareutvikle tale på praksisheimlar i samsvar med behovet. I vårt fylke er det berre 11 avtalespesialistar mens nabofylket Sør-Trøndelag har 60 med omtrent same folketal. Det bør såleis vere rom for oppretting av fleire avtaleheimlar i vårt fylke.

Normaltariffen er eit godt virkemiddel for finansiering. Ein bør halde aktivitetsdelen av finansieringa høg og det faste driftstilskotet sin andel av inntektene bør reduserast. Ein må  legge faglege omsyn til grunn i vidareutvikling av takstane. DRG-finansiering er uegna for privat spesialistpraksis. Anbodssystem med konkurranse om mellombels avtalar må motarbeidast sterkt.

Avtalespesialistane må innrette si verksemd i samsvar med dei behov for spesialisttenester innbyggarane her og i ei høveleg arbeidsdeling med institusjonsbaserte spesialisttenester. Dette skjer best gjennom bruk av avtalesystemet mellom legeforening og dei regionale helseforetaka og mellom dei regionale helseforetaka og den einskilde spesialist. Sterkare utvikling av regulering gjennom lov og forskrift vil i denne sammenhengen gi meir rigide system som blir mindre tilpassingsdyktige til skiftande behov.