Pasienter med gyn kreft: Tiden etter utskrivning oppleves som brutal for mange

Hvordan oppleves det å være ferdigbehandlet for gynekologisk kreft, og hvilken oppfølging trenger man fra helsevesenet? Ny studie viser at for mange er den første tiden forbundet med frykt.

Som en del av sitt doktorgradsarbeid har Sigrund Breistig, i samarbeid med sine veiledere Ragnhild Johanne og Kari Marie Thorkildsen, skrevet en artikkel om gynekologiske kreftoverleverers erfaringer og ønske om oppfølging etter nylig behandling.

 

"Eg er ikkje sikker på om eg hadde trengt å bli innlagt på psykiatrisk om nokon hadde ringt meg og fortalt at det eg strevde med var normalt. Eg veit det no, men når du står midt i det, då klarar du ikkje å tenke at det er normalt etter sjukdom og behandling." (Kvinne 60, etter eggstokkreft.)

 

Kort oppsummering av funna:

Sjølv om dei fleste kvinnene opplevde å bli godt ivaretatt under behandling, var overgangen frå behandling til utskriving opplevd som brutal. Mange kvinner opplevde å plutseleg vera åleine med kroppslege og eksistensielle endringar dei ikkje var førebudde på.

Redselen for å få tilbakefall av kreftsjukdommen, overskygga gleda mange hadde forventa å oppleve då dei var ferdig med behandling. Kroppslege endringar forsterka redsla, då mange assosierte dei med tilbakefall. Redselen som kvinnene beskreiv var uavhengig av type underlivskreft, behandling og alvorsgrad.

Kvinnene ønskte at dei hadde blitt kontakta av helsepersonell jamleg etter utskriving (og fram til første kontroll etter ca 3 mnd) som oppfølging. Dette innebar blant fleire ting; å bli bekrefta på at endringar dei opplevde var normale og ikkje tilbakefall, å få rettleiing til kva dei sjølv kunne gjere for å lindre plager eller meistre livet etter kreft og få snakka om bekymringar med nokon som hadde kunnskap og som ikkje var for nære til å bli lei seg.

Informasjon blir ikkje gitt med mindre ein spør, er siste temaet i funna der kvinnene fortel om mangel på informasjon frå helsetenesta etter behandling. Fleire tydde til å leite etter informasjon på internett, noko som var både krevjande og skremmande då dette også kunne innebere nedbrytande førestillingar for framtida.