Overordnet retningslinje for veilederarbeid - sak til generalforsamlingen 2023

Etter ein lang og grundig prosess har NGF ved styret og redaksjonane for veilederane i generell gynekologi og obstetrikk kome fram til eit omforeint framlegg til overordna retningslinjer for det vidare rettleiararbeidet og guidelinemøta. Denne har vore på høyring blant medlemmene og alle innspel har blitt grundig vurdert. 

Tanken er at vedlagde dokument skal regulere forholdet mellom redaksjonane og NGF på eit overordna nivå, og at redaksjonane lagar sine eigne retningslinjer for det interne arbeidet.

Vi kjem til å legge fram dokumentet slik det her er vedlagt til avstemming på generalforsamlinga, der vi kjem til å be generalforsamlinga ta stilling til om dokumentet slik det ligg føre kan vedtas, og om desse retningslinjene skal ha status som vedtekter (og følgeleg kreve 2/3 fleirtal ved framtidige endringar).

Vi ser fram til å sjå så mange som muleg på årsmøtet i Haugesund!

 

Ragnar Kvie Sande

Leiar NGF

 

Overordnet retningslinje for veilederarbeid