Formål
Øsofaguspacing (stimulering av hjartet via spiserøret) er ei undersøking der ein stimulerer forkammeret til hjartet med ein elektrode via spiserøret i staden for gjennom blodårar til hjartet, for å framkalle rytmeendringar (takykardi),. Undersøkinga vert gjort for å vurdere pasientar med plagsom takykardi eller mistanke om dette. Ein framkaller rytmeendringar (takykardi) gjennom rask stimulering av forkammeret og/eller kunstige ekstraslag.Før undersøkinga
Dersom du nyttar medikament mot rytmeendringar, kan det vere naudsynt å stoppe med desse dei sista 2-3 dagane før undersøkinga. Du vil få melding om dette. Har du fått time til undersøking før kl 12, skal du faste frå midnatt. Har du fått time etter kl 12, kan du ete ein lett frukost før kl 8, men faste vidare.Under undersøkinga
Du vil få lagt inn ein venflon (eit lite plastrøyr) i ei blodåre i arma, og ein tynn elektrode gjennom nasen til spiserøyret. Undersøkinga vert gjort i vaken tilstand, men du får litt smertestillande og roande medisin i venflonen(intravenøst) slik at ikkje undersøkinga skal opplevast ubehageleg. Etter at elektroden er lagt på plass, vil ein stimulere hjartet med små straumimpulsar. Du vil då merke hjartebank og ekstraslag. I tillegg vil du merke straumimpulsane som ein lett svie/ubehag bak brystbeinet/i halsen. Dersom du synest det er smertefult eller for ubehageleg, må du seie frå slik at du kan få meir smertestillande. Sjølv om det kan vere litt ubehag ved undersøkinga, er den ikkje farleg.Dersom ein får utløyst rytmeendringa, vil du merke dette som eit vanleg anfall. Dette kan ein stoppe med ny stimulering eller på andre måtar. Ofte vil ein starte og stoppe anfalla fleire ganger for å få gode registreringar. Av og til må ein gje eit stresshormon (isoprenalin) intravenøst for å få utløyst anfallet, og dette vil ein merke som hjartebank. Ein vil av og til teste ut kva medisin som er effektiv mot anfall. Undersøkinga varer frå 30-90 minutt.